Hopp til innhold

Landslagsspelar til Sogndal

Gutelandslagsspelar Gustav Valsvik (16) er klar for Sogndal.

Gustav Valsvik
Foto: Privat

Vikjen har lenge vore i søkelyset til Sogndal. I vinter var han med klubben på trenignsleir på La Manga der han fekk speletid i 1-1 kampen mot Nybergsund . Måndag kveld skreiv han under ei kontrakt med 1. divisjonsklubben som går ut 2012.

- Denne signeringa er vi svært glade for. Gustav er ein spelar med stort potensiale, og kan vere ein framtidig tippeligaspelar og a-landslagsspelar, seier trenar Karl Oskar Emberland til Sogndal Fotball sine nettsider .

- Ekstreme sider

Kontrakten vart signert etter 3. divisjonsoppgjeret mellom Vik og nettopp andrelaget til Sogndal. Sogndølene vann 2-1, men 16-åringen scora vikjene sitt mål. Klubbane er samde om at Valsvik skal spele for Vik ut sesongen.

- Han har ekstreme sider når det gjeld fysikk, venstrefot og fotballforståing, er Emberland sine lovord om G16-landslagsspelaren.

Samde om sum

Valsvik flyttar i haust til Sogndal for å byrje på vidaregåande skule. Allereie i sommar byrjar han å trene med nyeklubben sin. Avtalen ligg i same lei som tilsvarande avtalar med klubbar som leverer talent til Sogndal. Vik får også ein eventuell andel av eit vidaresal av

- Vi er samde med Vik om ein overgangssum, seier dagleg leiar, Yngve Hallén.

Duellsterke Valsvik kan spele både midtbane og i forsvar.