– Harastølen er ein voldsomt spennande plass. Det er mange rom å velja i og veldig mykje som er nedfallent, seier Daniel Volle som er produsent for musikkvideoen.
Songen heiter «Svarte natta» og handlar om det å vera mørkeredd. I utgangspunktet var Volle ute etter noko gammalt og industrielt, men så byrja tankane å svirra til det nedlagte sanatoriumet i Luster.
– Vi kom over teaseren til Villmark 2 og det såg jo ut som ei passande plass, fortel bassist Øyvind Heggheim i Drusar.
Heggheim siktar til oppfølgaren til spelefilmen «Villmark», som i vår skal spelast inn nettopp på Harastølen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Når me fant ut at me kunne komme oss opp der på vinterstid, så gjekk vi for det, fortel Daniel Volle.
(Artikkelen held fram under biletet)
Bitande kaldt
For medlemmane i Drusar var dette første gong dei sto framfor det enorme bygget.
– Det er eit majestetisk bygg som også ligg majestetisk til. Eg hadde ikkje sett føre meg at det var såpass stort, fortel Heggheim.
Innspelinga gjekk føre seg i januar, noko som ikkje var ein særleg heit oppleving.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Det var heilt forferdeleg egentlig. Det var bitande kaldt og -15 grader på det verste, og berre ein i bandet var snartenkt nok til å ha med seg termodress, ler Heggheim.
Dei heldt på frå tidleg morgon til seint på kvelden.
– Det var ganske utfordrande. Det var mykje snø og vi måtte bære masse bandutstyr og filmutstyr gjennom tjukk snø, fortel Volle og legg til at det inne i bygget er så mykje støv at det legg seg overalt.
Populært
Harastølen har fått mykje besøk dei siste åra. Sogndalsbandet Tom Stockman har også spelt inn video i bygget og spøkelsesjegarar har jakta overnaturelege opplevingar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men Luster kommune vil riva bygget. Daniel Volle vil ikkje spekulera i om det er difor det er vorte populært å bruka bygget.
– Eg har ikkje tenkt noko særleg på det men det kan jo henda det er slik. Når ein veit det skal vekk, så er det ok å bruka det før det forsvinn. Mange er jo oppe og tar bilder, fortel filmprodusenten.
– For min del kan det godt bli ståande, fordi eg ser på alt som er forfallent som perfekt å bruka i film. Men problemet her er jo at bygget er langt forbi sin levetid.
Volle seier det kan godt henda han vil bruka Harastølen fleire gonger før det forsvinn.
– Det er framleis mange rom att som kan vera kule å nytta
Slepp EP
Bassisten i Drusar fortel dei er svært fornøgde med resultatet av videoen. No ventar lansering av EP.
– Den skal vi etter planen sleppa i påsken. Vi har vore i Duper Studio i Bergen, og har spela inn tre låtar live. Nett som på gamlemåten, avsluttar Heggheim.