Hopp til innhold

Lærer flyktningar å bruke bankkort

Det som for nordmenn er heilt kvardagsleg, kan vere heilt ukjent for flyktningane som kjem til landet. No held Kommunal Landspensjonskasse kurs i privatøkonomi.

Jølster mottak kurs om bank

FÅR LÆRE MEIR: Gjennom eit kurs i privatøkonomi får flyktningar lære meir om korleis ting fungerer i Norge.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Med arabisk tolk på telefonforbindelse, forklarer Sebastian Delgado frå KLP, heilt enkle ting for flyktningane ved Jølster mottak. Enkelt for dei som allereie kan det, men ofte heilt ukjent for mange.

KLP har utvikla eit introduksjonskurs i privatøkonomi for flyktningar som har fått opphaldsløyve og er på veg ut i ein kommune. Dei skal halde tolv kurs ved seks av mottaka som Norsk Folkehjelp driv.

– I Norge så får du løn via ein konto, vi betalar ikkje kontantar. Om du må kjøpe bil er det fullt mogleg med eit lån. For oss i Norge er det heilt vanleg å bruke Visa-kort, men ein treng ikkje reise langt før ein faktisk må bruke kontantar, seier gruppeleiar i livsdivisjonen til KLP, Sebastian Delgado.

Er ikkje vande med bankkort

jølster mottak kurs bank

KAN MEIR: Moayad Khalil og Mohamed Alabdullah føler dei kan mykje av det som blir snakka om, men trur kurset er nyttig for dei fleste andre.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

På Jølster mottak sit det om lag 50 flyktningar med særs forskjellig bakgrunn og nasjonalitet. Dei har fått lære meir om korleis dei skal klare seg økonomisk i Norge.

– Vi har mange problem å løyse. Eg har ikkje bankkonto eller kort, så vi har mange ting eg må lære, seier Moayad Khalil og Mohamed Alabdullah som har flykta frå Syria.

Dei har studert på universitet utanfor heimlandet og kan det meste som blir sagt frå før. Men Mohamed trur mange veit lite og kan ha bruk for kurset. Sjølv synest han det blir uviktig samanlikna med andre ting som bør ordnast.

– Uansett om økonomien er viktig, har vi andre ting vi må prioritere først, seier han.

Khalil og Alabdullah har likevel vore nyttige for dei andre bebuarane på Jølster mottak. Dei fortel at mange på mottaket har spurt dei om hjelp til å lære om til dømes banktenester.

Meiner kurset har stor verdi

Men for dei fleste har kurset stor nytte, trur både leiinga ved mottaket og kursleiinga.

Åsmund Hjelle

NYTTIG: Det meiner informasjonsansvarleg på Jølster mottak, Åsmund Hjelle.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Dette er veldig enkel basisinformasjon. Vi veit at dei som bur her har litt forskjellig bakgrunn. Nokon veit litt meir, nokon veit litt mindre. Informasjonen er til personar som har fått opphald i Norge. Dei ventar på å få ein plass i ein kommune som kan ta imot dei, så dette er på ein måte ein startpakke, seier Delgado.

Informasjonsansvarleg ved Jølster mottak, Åsmund Hjelle, stadfestar at det går føre seg mykje opplæring mellom bebuarane, men at slik kursing likevel er svært verdifull.

– Det å høyre ting frå naboen ein annan bebuar kan sjølvsagt vere nyttig, men det å få det frå ein læremeister er alltid det beste.