Hopp til innhold

LÆRDAL: Formidabel framgang for Sp og Jan Geir

Senterpartiet har nesten reint fleirtal i Lærdal. Sitjande ordførar Jan Geir Solheim har nesten ikkje ord. – Dette gjer meg rett og slett veldig audmjuk. Dette hadde eg aldri trudd, seier han.

Jan Geir Solheim

HELD FRAM SOM ORDFØRAR: Jan Geir Solheim (Sp) seier han reint teoretisk kan bli skvisa ut av ordførarstolen, men reknar det som svært sannsynleg at han held fram i fire nye år.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vallogo

Senterpartiet går kraftig fram frå kommunevalet for fire år sidan. Med ein framgang på 17,7 prosentpoeng endar partiet på heile 46,4 prosent i sognekommunen. Med åtte av 17 representantar i kommunestyret kan partiet nesten styre kommunen åleine.

– Eg hadde rekna med seks representantar i kommunestyret, kanskje sju. Men så får vi åtte og vi nærmar oss reint fleirtal, seier Jan Geir Solheim oppglødd på telefon.

– Dette er for godt til å vere sant, humrar han nesten.

– Ja, de får nesten halvparten av stemmene. Kva seier dette deg?

– Det seier at folk har trua på oss, og det kan dei ha. Vi har drive veldig ansvarleg politikk.

Både SV (-2), Venstre (-1) og Høgre (-1) får færre kommunestyrerepresentantar, medan Arbeidarpartiet går fram med ein ekstra representant.

Her slepp han jubelen laus

SLEPP JUBELEN LAUS: Ein svært glad ordførar Jan Geir Solheim kunne måndag kveld sleppe jubelen laus etter at Sp fekk 46 prosent av stemmene. FOTO: Odd Helge Brugrand.

Har vore ein synleg ordførar

Jan Geir Solheim skryt av heile Lærdal Sp og seier dei er mange som har drege lasset.

– Ein av grunnane til at vi har gjort det så bra er den lista vil har stilt med denne gongen. Den er veldig god.

– Det er ikkje du som har æra då?

– Eg håpar eg har hatt ein viss effekt. Det er viktig å ha ein ordførar som synest, også utanfor kommunen sine grenser, seier Solheim.

I løpet av den siste fire åra har ordføraren måtte lose kommunen gjennom fleire større hendingar. Storbrannen i fjor vinter vart ei alvorleg prøve for kommunen, då 40 bygningar måtte gje tapt og over 70 menneske vart huslause.

– Som kommune har vi vore gjennom mange utfordringar, ikkje av positiv art. Men vi har fått kommunen framstilt positivt gjennom det vi har vore gjennom, seier Solheim.

– Eg er kjempeklar

– Kor klar er du for å halde fram som ordførar?

– Eg er kjempeklar, ler han og seier han no veit kva han går til. Noko han ikkje gjorde sist.

Av viktige saker dei neste åra trekk han fram ombygging og bygging av eit nybygg på alders- og sjukeheimen i kommunen, i tillegg til at dei skal lande skulebruksplanen.

– No skal vi avslutte skulestrukturdebatten, og vi skal slutte å gjere dei som jobbar i oppvekstsektoren usikre. Vi i Senterpartiet har teke eit klart standpunkt, vi vil behalde tre skular i Lærdal, og det står vi for.