Over 700 gonger har passasjerane måtte sjå langt etter denne ferja

Ferja var den første av sitt slag i verda. Snart fem år etter at M/F «Ampere» byrja å krysse Sognefjorden, har ho framleis ladeproblem.

Hel-elekriske ferja Ampere

IKKJE I RUTE: M/F «Ampere» er avhengig av å kunne lade batteria kvar gong den ligg til kai for å klare turen over Sognefjorden.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Nærmast dagleg den siste tida har verdas første batteriferje avlyst avgangar på det travle ferjesambandet mellom Lavik og Oppedal på E39. Berre i august og september har det vore over 60 avlyste avgangar.

Sidan 2016 har M/F «Ampere» hatt heile 737 kanselleringar. Til samanlikning har dei tre andre ferjene som trafikkerer strekninga over Sognefjorden samla hatt 236 kanselleringar i same perioden, syner tal frå Statens vegvesen.

Det veit enkelte passasjerar å gje beskjed om.

– Dei mobbar ferja og kjem med kommentarar om både den og oss, seier matros Joakim Madsen.

Kapteinen: – Det er slitsamt for alle

Årsaka til problema er at ferja ikkje klarer å lade nok straum når den ligg til kai. Ved kvar stopp skal nemleg ein ladeplugg syte for at ferja får nok kraft, men ofte viser det seg at effekten er for liten.

– Då må vi innstille. Slik er det berre. Vi kan ikkje leggje ut på fjorden, vel vitande om at vi ikkje har straum nok til å kome over på andre sida. Det ville vore direkte idiotisk, seier kaptein Steinar Johnsen.

Han vedgår at dei siste to månadene har vore slitsame for både mannskap og ikkje minst dei reisande.

– Vi var førebudde på startproblem, men vi kan ikkje akkurat skulde på startproblem fem år etter at ferja vart sett i drift, seier Johnsen.

Joakim Madsen

MOBBA: Matros Joakim Madsen opplever at enkelte passasjerar let fortvilinga gå utover han og kollegaene.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Vi prøver å ta det med eit smil

Tilbake nede på bildekket vedgår matrosen at det ikkje alltid er like kjekt å møte oppkava passasjerar som går glipp av avtalar fordi ferja ikkje går.

– Vi beklagar og prøver etter beste evne å forklare kvifor det vert slik. Det er ikkje alltid like moro, men vi har funne ut at vi får ta det med eit smil, seier Madsen.

Både han og kapteinen seier at dei aller fleste trass alt møter mannskapet med forståing.

– Dei fleste har forståing, men så er det sjølvsagt ein del som vert fortvila. Men det er i alle fall ikkje matrosane som sel billettar sin feil. Å ta det ut på dei, har lite for seg, meiner Johnsen.

Ladeproblema til M/F «Ampere» er ikkje noko nytt problem. Dei har kome og gått med jamne mellrom. Spesielt ille var det i 2015 då ferja var heilt nytt og den første i sitt slag i verda.

Steinar Johnsen, kaptein på Ampere,

KAN LITE GJERE: Kaptein Steinar Johnsen seier at dei ikkje har anna val enn å leggje seg i ro om det ikkje er nok straum på batteria.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Lynnedslag kan vere årsak til problema

Heller ikkje reiarlaget Norled er nøgde med alle kanselleringane.

– Det er ikkje tilfredsstillande. Slik skal det ikkje vere. Men det høyrer og med til historia at ferja gjekk utan avbrot i fem månader i første halvår i år. Altså 100 prosent regularitet, seier regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker.

Han seier at reiarlaget saman med leverandørane jobbar på spreng med å finne ut av problema og få reparert feila. Det er førebels uvisst når problema kan vere historie denne gongen.

Regionsjefen forklarar at det kan vere fleire årsaker til ladeproblema. Blant anna kan lynnedslag i august ha øydelagt fleire komponentar.

– Det er ny teknologi og vi har ingen erfaring med å drive elektriske ferjer før «Ampere». Eg synest vi likevel har klart oss bra. Vi er stolte av «Ampere», men vi må ta lærdom av det som har skjedd, seier Utåker.

Inge André Utåker

JOBBAR PÅ SPRENG: Regionsjef Inge André Utåker i reiarlaget Norled.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK