Hopp til innhold

Kystvakta gjorde storfangst

I løpet av tre dagar er 165 ulovlege teiner og garn beslaglagt i Sogn og Fjordane. Det melder Fjordenes Tidende. – Resultatet er nedslåande, seier inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet. Det er Kystvakta og Fiskeridepartementet som saman med politiet har stått bak aksjonen.