Kvilte for lite - no må han stå lenge i ro

Eit utanlandsk vogntog vart i går stogga i Nordfjord for alvorlege brot på køyre- og kviletida.

Brot på køyre- og kviletid

FOR LITE VEKEKVILE: Sjåføren av dette vogntoget må stå i ro i 45 timar før han får køyre vidare.

Foto: Statens vegvesen

– Brot på køyre- og kviletid er alvorlege med tanke på trafikktryggleiken, seier Reidun Tryggestad i Statens vegvesen.

Tysdag stogga ho og kollegaene i Nordfjord eit utanlandsk vogntog ved Lefdal i Eid.

Det synte seg at sjåføren ikkje hadde gjennomført den pålagde vekekvilen på 45 timar. Vekekvilen kan reduserast til 24 timar annankvar veke, men då må dette kompenserast med ein tilsvarande kvileperiode.

– I dette tilfelle hadde sjåføren køyrt i to veker med redusert vekekvile. Då blir det brot på køyre- og kviletida, og han må stå i ro i 45 timar, seier Tryggestad.

Reidun Tryggestad

KONTROLL: Inspektør Reidun Tryggestad i Statens vegvesen.

Foto: Erling Wåge/Fjordenes Tidende

Stoggar mange

Vogntoget på Lefdal er ikkje noko eineståande tilfelle. Ifølge Statens vegvesen er brot på køyre- og kviletida noko av det vanlegaste dei kjem over når dei kontrollerer tunge køyretøy.

– Brota er nokså likeleg fordelt mellom norske og utanlandske sjåførar. Når vi ser på politimeldingar er det nok flest norske sjåførar, men det er naturleg sidan vi også kontrollerer fleire norske sjåførar, seier Tryggestad.er ikkje noko e

Laster Twitter-innhold

På kontrollstasjonen Håbakken i Lærdal stogga dei tysdag tre vogntog. Det eine hadde ikkje bremser på hengaren. Eitt vogntog hadde ein stor diesellekkasje i motoren. Det tredje vart meldt for brot på køyre- og kviletid.

– Her er det mistanke om at sjåføren har køyrt med to ulike køyreskiver, for å gi inntrykk av at det var to sjåførar, seier seksjonsleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Vanskeleg å få bukt med

– Dette er ein bransje som er pressa på pris og i forhold til å få last. Så her må transportørar, men og speditørar legge til rette for at sjåførane får levelege køyre- og kviletider, seier Reidun Tryggestad.

Sjåføren som vart stogga tysdag må stå i ro i 45 timar, i tillegg blir han og meld til politiet.

– Den vanleg reaksjonen er då førelegg, men det er det opp til politiet å avgjere, seier Tryggestad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.