Kven er tidenes midtstopparar?

Tidenes Sogndal-lag treng to midtstopparar for å brøyte veg i forsvaret. Kven vil du at dei skal vere?

John Carew (t.v.) og Asle Hillestad

KNALLHARD: Alse Hillestad i ferd med å lage straffespark mot John Carew. Kjem han med på tidenes lag?

Foto: HELGE HANSEN / Scanpix

- Ein av tinga Sogndal er kjende for rundt om kring i Norge er midtstopparar som ruvar fysisk og som kan rydde veg. Dei har det vore ein del av på Fosshaugane, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete. Mot sin vilje er han ein av kandidatane.

- Dette var ikkje min idé, presiserer Navarsete.

Kandidatane:

  • Jon Navarsete (144 kampar/2 mål) 1971-79. Ryddig sweeper med styrke i luftrommet.
  • Torodd Helle (192/2) 1970-82. Fokusert og duellsterk
  • Arild Førde (207/9) 1984-93. Komplett forsvarar. Kom i landdslagstroppen, men ikkje på bana.
  • Arild Hopen (103/3) 1982-85. Smart og kynisk på bana.
  • Morten Wigum (157/1) 1986-93. Arbeidsjarn og allrounder.
  • Helge Strypet (172/14) 1980-89. - Kanskje den mest undervurderte midtstopparen Sogndal har hatt, meiner Navarsete.
  • Asle Hillestad (364/67) 1985-2002. Flest kampar av alle for Sogndal. - Han er ei blanding av granitt og dynamitt, seier Navarsete.
  • Jarle Flo (157/29) 1993-98. Vann alt i lufta.
    Marco Reda (75/6) 2002-04, 2006. Konsentrert og kontant. Svært god i tospann med Kouakou.
  • Raoul Kouakou (55/4) 2002-05. Duellspelar med ekstrem fysikk.
  • Kjetil Holvik (75/1) 2002-06. Skader øydela mykje for eit av dei største forsvarstalenta Sogn og Fjordane har fostra.
  • Børre Steenslid (50/3) 2004-06. Rask, sterk og ambisiøs.
  • Lars Grorud (98/4) 2008-10. Leiartype med fart i kroppen.
  • Even Hovland (82/9) 2007-11. Komplett forsvarsspelar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Her kan du stemme på dei du meiner er dei to beste midtstopparane Sogndal nokon gong har hatt. Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Dei to midstopparane som får flest stemmer vil ta plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.


Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 7.2 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes venstreback kårast.