Terje Mowatt leiar rettssaka. Tore Jakob Matdsen og Steinar Ryland er meddomarar. Foto Randi Indrebø © NRK
Kvalheim vedgjekk med andre ord at han hadde fått tilbakebetalt moms som han aldri hadde lagt ut. Men så mykje som 293 millionar kroner meiner han altså at det ikkje er.
Petter Nordeng i retten i dag
Førstestatsadvokat Petter Nordeng er no i gang med innleiingsføredraget sitt. Der går det fram at det starta relativt smått i 1993 med at OK Fish Kvalheim fekk utbetalt 5 millionar kroner frå Fylkesskattekontoret. I 1999 vart det utbetalt over 100 millionar. I alt er det i fylgje Nordeng snakk om rundt 3000 tilfelle av momssvindel.