Hopp til innhold

Kva irriterer du deg over i trafikken?

Alle som ferdast i trafikken har nok kjent på irritasjonen i blant. Bilen framom deg plasserer seg feil i krysset, eller fotgjengaren vert dusja av ein sølepytt fordi bilisten ikkje tek omsyn. Kva irriterer deg mest?

bilist, sint

VERT IRRITERT: Mange har nok hytta med neven i irritasjon når dei sit i bilen.

Foto: Martin Kierstein

Berre innrøm det, du har kjent det du òg:

Plutseleg smett ein bil ut rett framfor deg, slik at du må hogge i bremsen. Og iallfall inni deg, seier du nokre ord som neppe hadde gitt deg nøkkelen til perleporten.

Eller så kjem du til ein parkeringsplass, og den eine plassen som enno er ledig er alt for smal, sidan nabobilen står med kvitestripa midt under bilen. Du knip kring rattet så knokane vert kvite.

  • Kva irriterer deg i trafikken? Del di meining i kommentarfeltet!

Dei tek ikkje hensyn til oss gåande. Dei køyrer så det skvett sølepyttar på oss.

Lyttar
Bil spruter på fotgjenger

KLISSJ VÅT: Mange fotgjengarar har nok fått ein ufrivillig dusj i det siste etter alt regnvêret.

Foto: Bjarne Skjerve

Rundkøyringar og trailerar

Vi spurde lyttarane i morgonsendinga om kva som irriterte dei mest, og det er tydeleg at dette er noko som engasjerer.

Mange av våre lyttarar skriv inn og fortel om bilar og store trailerar som ofte ligg alt for nær, medan andre skriv inn med den omvendte irritasjonen: alt folk køyrer for seint og ikkje slepp andre forbi.

I sistnemnde tilfelle er det traktorar, bubilar og campingvogner som får gjennomgå.

– Vi som er bønder reiser mykje på veg med traktor. Ofte er det svært låg terskel for at bilen må forbi. Eg vert ofte forbikøyrt på svært korte strekkje og i bakketoppar, trass i at eg sjølv tykkjer eg er flink til å køyre ut og sleppe forbi, fortel Kåre Ulland.

Eg blir sjeldan irritert, men bekymra og redd når traileren bak ikkje held minimumsavstanden på 5 sek.

Irene

(Artikkelen held fram under biletet)

Feilparkering

MIDT PÅ KVITESTRIPA: Vert du provosert av dette?

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Yrkessjåførane får ofte høgt blodtrykk

Geir Inge Tystad køyrer lastebil og leverer mykje varer i Førde. Han innrømmer gladeleg at det er ting som gir han høgt blodtrykk når han køyrer i Førde.

– Parkering spesielt her i Førde. Enkelte bryr seg ikkje om skilting og merking på veg, kantliner, ingenting! Fortel ein oppskaka Tystad.

Trafikklærarane på Trafikkskulesenteret er samde med Tystad, dei fortel om mangel på blinklysbruk, feilplassering i rundkøyringane, og parkering.

– Vi har i nokre korte minuttar litt kødanningar, og då kan det vere enkelte som skal inn eller igjennom køen. Då plar eg seie litt spøkjefullt til elevane mine: Dersom du opplever at ein bil stoggar og hjelper deg inn i køen, då er det sannsynlegvis ikkje TV-skilt på bilen, humrar trafikklærar Tore Kirketeig.

Geir Inge Tystad

SER MYKJE RART: Yrkessjåfør Geir Inge Tystad ser mykje rart i trafikken som yrkessjåfør.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Bussjåfør Egil Holmøy har vore sjåfør i 50 år, og han opplevde ei stygg episode seinast i går.

– Eg var på Lote, og der kom eg på land jamsides med ein tungt lasta lastebil full av stein. Eg trudde eg skulle kome føre han, men han svinga inn og heldt på å ta spegelen min. Og då vart eg liggjande i 55 kilometer i timen lenge. Då vert ein litt irritert når ein har ei rute ein må halde.

Han seier også at bussjåførane ikkje er heilt plettfrie dei heller, og han forstår godt at bussar kan irritere. Men han legg til at ein ikkje kan sitje og irritere seg heile dagen, og oppmodar folk til å roe seg litt ned.

Det som irriterar meg mest i trafikken er desse bubilane og dei med campingvogn som fer på vegane i ferien. Dei trur dei er åleine på vegen, og må vera flinkare å sleppa forbi trafikken bak seg.

Lyttar

Folk trur dei har lite tid

Mange har nok ei førestelling om kven som er verst bak rattet, og psykolog Per Steinar Melås meiner at unge menn er overrepresentert blant dei som er aggressive i trafikken.

– Dei er ofte unge og utrygge på eiga køyring. Men bilen gjer noko med folk: ein kjenner seg som kongar. Alt som er til hinder for at dei kan ha denne kongekjensla gjer at ein vert frustrert og irritert, seier Melås.

Syklister vs bilister

SYKLISTAR: Mange er svært irriterte over syklistane i trafikken.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han seier at folk trur dei har mindre tid enn det dei eigentleg har. Trafikklyset vert aldri grønt, og fotgjengaren kjem seg aldri over vegen. Uventa situasjonar kan gjere deg redd, men ein reagerer ikkje med frykt, men heller med aggresjon og sinne.

– Folk endrar karakter når dei går inn i ein bil. Dei som til vanleg er milde og snille kan bli tyrannar når dei set seg inn i ein bil og køyrer. Når du er fotgjengar så irriterer ein seg over bilistane. Når ein sjølv er bilkøyrar så snur rollene seg, og ein vert irritert over fotgjengarane, fortel Melås.