Hopp til innhold

Heng ut feilparkering på Facebook

Slik skal irriterte yrkessjåførar få bukt med parkeringsproblema.

Ronny Vårdal og Jan Helge Oksholen

PÅ FACEBOOK: Ronny Vårdal og Jan Helge Oksholen meiner den offentlege gapestokken er den einaste måten å få bukt med alle feilparkeringa. Set du frå deg bilen din på ein lite gjennomtenkt måte, kan du no hamne på Facebook.

Foto: Oddleif Løset/NRK

- Hadde det vore opp til folk sjølve, hadde dei parkert ved kassaapparatet, seier Ronny Vårdal.

Han er yrkessjåfør og mektig lei av sjåførar i privatbilar tek lettaste utveg når dei skal setje frå seg bilen.

Offentleg gapestokk

Vårdal viser til at situasjonen er ille i heile Sogn og Fjordane. Men det er spesielt ekstremt i Førde, meiner han.

Saman med fleire andre yrkessjåførar har han no utstyrt seg med kamera. Bileta av ureglementert parkering legg dei ut på nettet.

På Facebook har det komme ei rekkje bilete av feilparkerte bilar.

Håpet er at den offentlege gapestokken skal få folk til å skjerpe seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Facebook

BILETE PÅ NETT: Slik ser nettstaden Facebook ut med presentasjon av diverse feilparkeringar.

Rullestolbrukar jublar

- Vi fann ut at den enklaste måten var å vise kor dumme einskilde kan vere, når dei parkerer nærmast mogleg dørene, seier Vårdal.

Han vert applaudert av rullestolbrukar og lokallagsleiar Jan Helge Oksholen i handikapforbundet. Han opplever sjølv ofte at reserverte plassar er okkuperte.

- Eg tenkjer med gru på at eg skal ut i eitt eller anna ærend når det regnar. Då kan du vere sikker på handikapplassane er det første som ryk, seier Oksholen.

- Folk må tenkje seg om

Handikapleiaren humrar når han ser bileta på Facebook.

- Det må vere festleg å gå på nettet og finne bilen sin - og naboen sin også, dersom dei er feilparkerte. Dessutan: ingenting kan vere betre enn om folk byrjar å tenkje seg om, meiner Oksholen.

Fått lite reaksjonar

- Eg reknar ikkje med at folk snur over natta, men tanken er å vekkje merksemd hos folk, forklarer Vårdal.

Han meiner det er viktig at bilistane følgjer trafikkreglane - om det så gjeld parkering, vikeplikt eller bruk av blinklys.

Yrkessjåføren har vore i dialog med datatilsynet og fått godkjend bruken av bileta på nettet så lenge nummerskilta er sladda. Til no har han fått lite reaksjonar på den noko spesielle aksjonsforma.