Fylkessekretær Reidun Solberg Seim fortvilar over forslaget. Det vil vere ein dødsdom for veldig mange vassdrag, meiner ho.
Stans i kalkingsarbeidet
Dei seinare åra har det blitt løyvd omkring 100 millionar kroner årleg til kalking av sure vassdrag. I forslaget til neste års statsbudsjett går regjeringa inn for å kutte denne posten med 15 millionar kroner. I Sogn og Fjordane er det kring 60 vassdrag og innsjøar som blir kalka. Eit kutt vil medføre ein stans i kalkingsarbeidet, og fiskedød i mange vassdrag meiner Seim.
- Må tenkje langsiktig
Kalking er det einaste kjende verkemiddelet ein har for å bøte på dei negative konsekvensane av sur nedbør. Seim er skuffa over regjeringa som no vil kutte i midlane. Ho er lei av ta opp denne kampen kvart år. - Ein må tenke langsiktig viss vi skal ta vare på naturen.