Hopp til innhold

Kunstverk kasta på vatnet

Natt til sundag vart Sunnfjord Museum utsett for hærverk. Ein kunstinstallasjon forsvann og dukka opp att i vatnet.

Kvardagsmonument kunstinstallasjon

SUNNFJORD MUSEUM: Kunstinstallasjonen «Kvardagsmonument» av Maia Birkeland vart utsett for hærverk natt til sundag.

Foto: Sunnfjord Museum

– Ein blir jo forbanna rett og slett og så lurar ein på kva som rører seg oppe i hovudet på folk som gjer sånne ting, seier Gunnhild Systad, avdelingsdirektør ved Sunnfjord Museum.

Ho er opprørt etter at ein av deira kunstinstallasjonar vart kasta på vatnet.

– Den stod her på laurdagskveld og sundag morgon var den vekke. Vi fann kleda pakka inn i ein bossekk og gøymd under ein terrasse. Klestativet var kasta på vatnet, fortel Systad.

Installasjonen det dreier seg om er eit kunstverk av Maia Birkeland. Det var laga i forbinding med utstillingsprosjektet «Kvardagsfolk.»

– Det heiter «Kvardagsmonument» og det var eit klestativ med raude kle på, forklarar ho.

Sunnfjord museum

BORTE: Sundag morgon var det tomt ved sidan av eldstova på Sunnfjord Museum, der kunstverket hadde stått.

Foto: Sunnfjord museum

– Eit slag i fjeset

– Om dette kunstverket har provosert nokon, så kunne ein heller ha kome og prata med oss. Vi er på jobb på museet kvar einaste dag, seier museumsdirektøren.

Hærverket er meldt til politiet. Systad seier at dette har vore i tankane sidan det vart oppdaga på sundag.

– Det er vi som bestemmer kva som skal vere på tunet og for ho som eig installasjonen så er jo dette eit slag i fjeset, seier Systad.

Det er ikkje teke stilling til om det skal lagast ein ny installasjon.

– Vi vil sannsynlegvis det. Vi kan ikkje la oss stoppe av at enkeltpersonar eller små grupper tek seg til rette på denne måten.