Kumøk til november

Bøndene får utvida fristen med å spreia møk på bøane til 1. november. Grunnen er mykje regn mange stader til no i haust. Normalt er fristen 1. oktober. Stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) tok opp spørsmålet med landbruks- og matminister Bård Hoksrud, som seier ja til dispensasjon.