NRK Meny
Normal

Fordel om ulike kulturinstitusjonar kan samarbeide, meiner kulturdirektør

Ulike kulturinstitusjonar kan med stor fordel samarbeide, seier kulturdirektør i Oslo, Hilde Barstad etter at Kunstmuseet i Førde ikkje ville samarbeide med Førdefestivalen.

Hilde Barstad

SAMARBEID: Kulturdirektør i Oslo, Hilde Barstad meiner samarbeid mellom ulike kulturinstitusjonar kan vere bra. Førdefestivalen og Førde Kunstmuseum hadde ikkje noko samarbeid under festivalen i år.

Foto: Fjeldstad/Bråstad/Rotihaug / SCANPIX/NRK

For det snart to år gamle kunstmuseet i Førde har fått kritikk for ikkje å ville samarbeide med Førdefestivalen.

Kulturdirektør i Oslo, Hilde Barstad. Barstad vil ikkje gå inn i den konkrete debatten i Sogn og Fjordane, men seier dei i Oslo berre har gode erfaringar med slikt samarbeid.

– Eg skal vere forsiktig å blande meg inn i dei konkrete utfordringane som er i Sogn og Fjordane, men på generelt grunnlag er vår erfaring at eit samarbeid med institusjonar og andre aktørar er til stor glede for alle partar. Både kunstnerisk og besøksmessig, seier ho.

Strålande med kulturdebatt

Morten Johan Svendsen

LITE TIL FELLES: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen meiner dei to institusjonane har lite til felles.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen ved Kunstmuseet i Førde uttalte denne veka at Kunstmuseet og Folkemusikkfestivalen har lite til felles, og at det difor ikkje alltid passar seg å samarbeide, og at dei har nok med skape sin eigen profil.

Les meir om dette her.

Leiar for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum ønska gjerne å samarbeide med museet, men var lei dei negative haldningane, og kjensla av å berre stange hovudet i veggen.

Barstad i Oslo seier det er strålande at det er debatt og engasjement om kunst- og kulturformidling.

– Det gir framgang og kunnskap for alle partar. Så er det berre viktig at ein klarar å lære av det.

God erfaring med samarbeid

– Har museumsdirektøren eit poeng når han seier at Førdefestivalen og Kunstmuseet er to heilt ulike kulturinstitusjonar?

– Sjølvsagt er det skilnad på ulike kunst- og kulturuttrykk, men det er ikkje dermed sagt at ein ikkje kan ha veldig stor glede av å samarbeide. Både om konkrete prosjekt på tvers av kunstgreiner, men òg vere i kontakt med eit nytt og utvida publikumsgrunnlag. Det trur eg både kunstnarane, publikum og institusjonane til sjuande og sist har veldig stor glede av, seier Barstad.

Ho fortel at å få til slike samarbeid på tvers er det som gir både spennande og kunstariske uttrykk og vekst for dei som vender seg til publikum.

Barstad peikar på samarbeid i Oslo der festivalane samarbeider med ulike kunst- og kulturinstitusjonar.

– Jazzfestivalen i Oslo har konsertar i Operaen, ein ny festival som snart opnar samarbeider med Vigeland-museet, Øyafestivalen flytta seg i området rundt Munch-museet og er hjartelege velkomne av museet i det nabolaget. Så dette er gode erfaringar vi har her, seier ho.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå