Hopp til innhold

Vert skulda for å ikkje vere samarbeidsvillige

Førdefestivalen er lei av å forsøke å samarbeide med folk som er negative. Det seier leiar i festivalen, Hilde Bjørkum, om Kunstmuseet i Sogn og Fjordane.

Morten Johan Svendsen

ULIKE: Museumsdirektør Morten Svendsen seier at Kunstmuseet og Folkemusikkfestivalen har lite til felles, og at det difor ikkje alltid passar seg å samarbeide. Likevel er han open for å jobbe saman med prosjekt som begge partar kan relatere seg til.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Førre helg vart festivalen arrangert for 25. gong, men det var utan eit samarbeid med kunstmuseet i Førde. Bjørkum ønskjer framleis eit samarbeid, men er lei av å stange hovudet i veggen.

– Eg kan ikkje forstå at det skal vere noko anna enn ein vinn-vinn-situasjon, både for festivalen og museet som treng å jobbe for å fleire besøkjande.

Trur samarbeid vil løne seg

Hilde Bjørkum

VINN-VINN: Festivalsjef Hilde Bjørkum forstår ikkje korleis eit samarbeid kan gi noko anna enn vinning hos begge partar.

Foto: Bård Siem

For Bjørkum er sikker på at begge partar vil vinne på eit samarbeid.

– Eg synest det å presentere festivalpublikum for det flotte bygget der med fine utstillingar, det vil jo også styrke deira besøkstal. Å få folk inn i bygget og gjere dei merksame på det.

I 2012 stod det nye kunstmuseet til nærare 100 millionar klart i Førde. Dei siste åra har folkemusikkfesten Førdefestivalen ønskt eit tettare samarbeid med kunstmuseet. Det har berre ført til éin konsert i museet på dagtid i fjor.

Men fleire andre framstøyt om samarbeid har museet takka nei til, ifølgje Bjørkum. Ho trur meir samarbeid ville løna seg.

– Lite til felles med festivalen

Museumsdirektør Morten Svendsen seier at dei er opne for å samarbeide med festivalen, men at dei har lite til felles.

– Vi samarbeider jo med mange, også med Førdefestivalen når det ligg til rette for det. Men vi er først og fremst eit kunstmuseum, og må profilere oss som det. Det einaste vi har til felles med Førdefestivalen er at også vi får pengar frå Kulturdepartementet. Elles er oppgåvene våre heilt ulike.

Ifølgje Svendsen har dei svart Førdefestivalen kvar gong dei har kontakt museet, og at dei har ein stadig dialog.

– Når det ligg til rette for det er folkemusikkfestivalen velkomen igjen med førespurnader. Vi samarbeider gjerne med folkemusikkfestivalen igjen når dei har eit opplegg som det passar å ha her i huset, på dei premissane vi kan levere. Altså at det er innanfor våre toleransegrenser når det gjeld sikring, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førdefestivalen frukost og parade

INTERNASJONALT: Kunstmuseet har ikkje det internasjonale aspektet som Folkemusikkfestivalen har. Det er ein av årsakene til at eit samarbeid ikkje alltid er like godt, ifølgje museumsdirektøren.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Må fremje seg sjølve

Men utover det meiner han at det ikkje er museet si oppgåve å fremje Folkemusikkfestivalen.

– Vi slit med å fremje oss sjølve, og å skape vår eigen profil. Vi må først og fremst gjere oss kjende på grunn av det vi skal drive med. seier Svendsen.

Dei siste åra har det kome mange rapportar om sviktande besøkstal for musea i Sogn og Fjordane, men Svendsen meiner tala er feil.

– Det varierer litt, men jamt går det oppover år etter år. Eit og anna år går det ned, men i det store og heile er det ein veksande sektor.

Uaktuelt med felles utstilling

Svendsen seier at ein førespurnad frå festivalen om ein kveldskonsert på museet i år er ukjend for han.

Han fortel at dei har vore i dialog om ei felles utstilling. Det meiner han derimot blir eit litt for stort prosjekt for Kunstmuseet å involvere seg i, med tanke på at dei knapt er to år, når festivalen er fylt 25.

– Og så har festivalen det internasjonale aspektet ved seg som vi i utgangspunktet ikkje har. Så det å lage utstillingar knytt til folkemusikkfestivalen sin tematikk er ikkje aktuelt for oss. Det vert ei feilaktig tilnærming til kunsten og kunstformidlinga. Men hadde vi fått tilført litt ekstra ressursar så er det ein spennande tanke å lage ei flott festivalutstilling, seier museumsdirektøren.