NRK Meny
Normal

Kritisk til luftige planar i Luster

Får fylkesmannen det som han vil, blir det ikkje landingsplass for cruisehelikopter og gondolbane i Skjolden.

Skjolden

LUFTIGE PLANAR: Fylkesmannen er kritisk til planane om landingsplass for helikopter og gondolbane er i Skjolden.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dei luftige planane om gondolbane og helikopterlandingsplass kan vere konfliktfylte både når det gjeld lokale forhold og regionale og nasjonale interesser, seier miljøvernsjef hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nils Erling Yndesdal.

I framlegget til ny kommuneplan legg Luster kommune til rette for stor satsing på turisme på Sognefjellet og i Skjolden.

Fylkesmannen har fremja motsegn mot arbeid på to vegar mot grensa til Jotunheimen nasjonalpark. Han meiner dette kjem i konflikt med viktige trekkvegar for villrein og eit område for fjellrev. Arbeidet på ein av vegane vil etter fylkesmannen si meining også vere i konflikt med viktige, nasjonale friluftsinteresser.

Kritisk til landingsplass og gondolbane

Fylkesmannen er også sterkt kritisk til planane om helikopterlandingsplass like ved cruisekaien i Skjolden, og syner til svært negative konsekvensar for fleire miljøtema. Fylkesmannen rår frå både landingsplassen, og planane om gondolbane frå Skjolden opp til Bolstadnosi, grunna villreinen og negative verknader i landskapet.

– Vi har ikkje sett foten ned når det gjeld gondolbane eller landingsplass. Vi har heller peikt på at dette er ei avgjerd politikarane i Luster kommune må ta på alvor, og finne ut om det er slik dei vil ha utviklinga i området, seier Yndesdal.

Han legg ikkje skjul på at fylkesmannen er kritisk til planane.

– Vi har ikkje anbefalt det. Vi har peika på konfliktane med kvalitetane Luster har når det gjeld natur og miljø, både i nasjonalparkar og elles som den viktige reiselivskommunen Luster er, seier miljøvernsjefen.

Kritiserer mangel på alternativ

– Men kan ikkje ein gondolbane vere med på å bygge opp under til dømes reiseliv?

– Det kan det heilt klart. Difor trekk vi også fram at det ideelt sett burde vore vurdert fleire alternativ for gondolbane. Her er det forholdsvis lite grunnlag for å peike på gondolbanen til Bolstadnosi som det einaste aktuelle alternativet. Vi spør om ein kan vurdere andre alternativ frå kaia i Skjolden, seier Yndestad.

– Når ein skal legge fram omfattande arealdel til kommuneplanen, er det viktig at ein har vurdert alle sidene ved dei ulike typane planar og inngrep ein legg opp til, seier han.