Hopp til innhold

Luster kan få gondolbane

Investor Oddvar Røysi vil byggje gondolbane til 125 millionar kroner i Skjolden i Luster.

Skjolden

GONDOLBANE: Skjolden kan få ein ny attraksjon dersom Oddvar Røysi får det som han vil.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det skriv Sogn Avis. Gondolbana skal gå opp til den tusen meter høge Bolstadnosi og skal gi turistane spektakulært utsyn over Lustrafjorden.

Gondolbana skal etter planen stå klar våren 2014. Ei slik bane vil bli den første i fylket.

– Ei slik gondolbane må komme raskt. Skjolden må ha eit landbasert program som cruisegjestene finn attraktivt, seier Røysi til Sogn Avis.

Gründeren har tidlegare stått bak utviklinga av Skjolden Brygge og cruisekaia i bygda. Det er venta om lag 70 000 cruisepassasjerar til hamna denne sesongen og Røysi ønskjer å ha noko å vise fram.

Ordførar Ivar Kvalen tykkjer dette er eit spennande prosjekt, både for kommunen og regionen. Han trur kommunen kan gå inn med åtte til ti millionar kroner.

– Vi skal møte denne utfordringa så godt vi kan. No må vi leggje opp til ein god prosess omkring dette, seier Kvalen.