Hopp til innhold

Kritiserer Sp for fødestove-saka

Sogn og Fjordane Ap kjem med skarp kritikk av Senterpartiet i saka om fødestova i Lærdal.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Måndag vart det kjent at statsråd Liv Signe Navarsete og Senterpartiet sin fremste helsepolitikar, Rune Skjælaaen, kjempar internt i Regjeringa for å gjenopprette ei fødeavdeling ved Lærdal sjukehus.

- Skjælaaen fører innbyggjarane i indre Sogn bak lyset, seier Ap-po Harry Mowatt.

- Skuffande av regjeringa

Han er kraftig irritert Rune Skjælaaen, som saman med statsråd Liv Signe Navarsete, har varsla at dei kjem til å gripe inn for å gjenopprette ei fødeavdeling ved Lærdal sjukehus.

- Eg synest det er skuffande at ein av regjeringas viktigaste talspersonar i Stortinget kjem med eit slikt utspel utan at det er snev av økonomisk dekning eller at det er skikkeleg vurdert, verken fagleg eller administrativt, seier Mowatt. 

- Ei kvar krone som vert brukt på det eine eller andre tiltaket går på kostnad av andre ting.

- Går utover andre sjukehus

Fødeavdelinga i Lærdal blei omgjort til ei forsterka fødestove for to år sidan, mellom anna fordi det blei fødd for få ungar ved sjukehuset. Personellet fekk dermed for lite trening til å handtere vanskelege fødslar. På dei to åra som har gått har fødselstalet blitt ytterlegare halvert.

Dersom ei fødeavdeling skal bli gjenoppretta, må jordmødrene difor sendast til Haukland sjukehus for å få nok trening. Ei slik hospiteringsordning vil koste fleire millionar kroner.

- Det kan gå ut over andre sjukehustilbod i Sogn og Fjordane sidan Helse Førde alt har store innsparingkutt hengjande over seg, meiner Mowatt. 

- Helse Førde sitt ansvar

- Eg veit ikkje dei økonomiske konsekvensane, og det er klart det er viktig å få utgreia det. Men det er svært viktig for Sp at fødande i indre Sogn får eit godt tilbod, seier helsepolitisk talsman i Senterpartiet, Rune Skjælaaen. 

- Men vi veit at kaka i Sogn og Fjordane alt er for lita. Helse Førde manglar 20 millionar kroner for å få saldert budsjettet. Kva slags tilbod vil Senterpartiet nedprioritere viss fødeavdelinga i Lærdal skal gjenopprettast?  

- Dette er ei sak først og fremst for Helse Førde som er ansvarlege for budsjetta.