Kristne vil ha meir nynorsk i kyrkja

Ei uavhengig gruppe kyrkjefolk krev språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk, slik som i skulen.

Førde kyrkje

NYNORSK I KYRKJA: Kristne meiner det er diskriminerande at det er vanskeleg å få tak i materiell på nynorsk. Dette er Førde kyrkje.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ein god del folk som er engasjerte på ulike vis, som no dei siste åra har opplevd at det ofte er vanskeleg å få tak i godt pedagogisk materiale på nynorsk, seier prest Ingvald Frøyen til NRK.no.

Frøyen, som er prest i Sunnfjord, var med å starta «Gruppa for språkleg rettferd i kyrkja». Dei har laga eit opprop for meir nynorsk i trusopplæringa i kyrkja.

HØYR EIN AV SONGANE SOM IKKJE ER PÅ NYNORSK:

Møter forståing i Kyrkjerådet

Ja til nynorsk

JA: Kristne vil ha meir nynorsk i kyrkja.

Foto: Scanpix

Kyrkjerådet har ikkje planar om konkrete tiltak for å betre situasjonen. Men gruppa møter forståing hos rådgjevar Gunnar Westermoen i Kyrkjerådet.

– Det er riktig at det er for dårleg tilbod på nynorsk. Det må vi prøve å styrke ved å påverke dei som gir ut bøker og skriv songar, seier Westermoen.

Nynorskforkjemparane har derimot kravet klart; dei vil ha same reglar i kyrkja som i skulen. Dei vil no ta saka vidare, og krev spårkleg likestilling er viktig for alle delar av kyrkja.

– Ein må få tilgang til samme bok både på nynorsk og bokmål til samme tid og samme pris. Slik er det ikkje i dag, seier Frøyen.

– Diskriminering

Frøyen meiner dagens situasjon er på grensa til diskriminering.

– Oppropet vårt har ikkje som mål å halde oppe den fana om at vi er undertrykte eller diskriminerte, men heller skape bevisstheit språket, seier Frøyen og legg til:

– Eg trur ikkje alle klubbar og barnekora i Groruddalen hadde synst det var så greit å berre ha nynorsk materiell.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.