Hopp til innhold

– Vi har framleis ikkje sett heile potensialet

Kristi Strømmen Kjerpeset (18) frå Florø leverte nok ein gong eit kanonløp under 100 meter hekk i Junior-VM i polske Bydgoszcz. Men tida 14,01 i semifinalen heldt ikkje til finaleplass.

Kristi Strømmen Kjerpeset

NØGD: Kristi Strømmen Kjerpeset har levert sine to beste løp nokon sinne under junior-VM.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

– Det ho spring i dag er det nest fortaste ho nokon gong har gjort. Det er berre løpet i går som har gått fortare.

Det fortel Ole Morten Mardal frå Sandane. Han har vore til stades under junior-VM, som trenar for enkeltutøvarar. På fredag leverte Kristi Strømmen Kjerpeset ny krinsrekord med tida 13,73 i forsøksheatet. Det var ei betring av hennar personlege rekord på 14,09. Tida tok ho vidare til ein semifinale, men der vart det stopp. Tida 14,01 er likevel det betre enn rekorden ho hadde før junior-VM. For å gå til finalen måtte Kjerpeset sprunge under 13,35.

– Eg er veldig imponert. Her konkurrerer ho på det ypparste nivået, mot utøvarar som er eldre enn ho. Og ho visar at ho verkeleg har fortent plassen, fortel Mardal.

Forventar meir frå stortalentet

18-åringen frå Florø har slite med skadar stort sett heile karrieren. Trenar Mardal meiner det tyder på at det bur endå meir i Kjerpeset.

– Til neste år er det junior-EM, og då vil ho vere blant dei eldste. Dersom ho får ein god treningsperiode i vinter, utan skadar, kan det bli veldig spanande.

Kristi Strømmen Kjerpeset i sving under junior-VM

REKORDLØPET: Kristi Strømmen Kjerpeset senka krinsrekorden under forsøksheatet på fredag.

Foto: Ole Morten Mardal

For det å trene samanhengande har vore eit problem for jenta, som gong på gong har måtte utsetje trening og stemner grunna skade.

– Kvar gong ho får ei skade må ho begynne litt på nytt. Vi ser ikkje heile potensialet hennar før ho har fått trent samanhengande over ein lengre periode. Med ein god grunnsesong vil vi sjå endå betre tider ganske snart.

Thomas Mardal fekk det tøft

Kjerpeset er ikkje den einaste frå fylket som har konkurrert i Polen. Også diskokastar Thomas Mardal frå Gloppen har vore i aksjon laurdag. Han vart nummer 22 i kvalifiseringa, med eit kast på 55,82 meter.

– Thomas er nok litt skuffa. Men han tek det med fatning, han er ikkje frykteleg langt unna grensa på 59 meter som ville gitt direkte kvalifisering til finalen, seier trenar Ole Morten Mardal.

Han held fram med å seie at vi kjem til å sjå betre kast frå diskoskastaren, dersom han får det som han vil.

– Han er i kjempeform, kanskje for god form. Det fysiske sit så bra at det kan gå litt ut over teknikken. Han sa til meg rett etter konkurransen at han kjem til å sette ny personleg rekord under neste stemne, seier trenaren.