Hopp til innhold

Kring 500 russ har teke turen hit i kveld

NAUSTDAL (NRK): Like sikkert som våren kjem, vert badestranda i Naustdal invadert av hundrevis av raude, blå- og svartkledde natt til 1. mai.

Russefest Naustdal 30.april
Foto: Oddmund Haugen / NRK

2018 er ikkje noko unnatak. Då NRK besøkte Sanden i Naustdal sentrum tidleg måndag kveld, var det alt mange russs frå heile fylket på plass. Raude og svarte bilar, høg musikk, dans og klemming prega plassen mellom bensinstasjonen og Førdefjorden.

– Eg har trua på at dette vert eit godt og vellukka arrangement for både russen og politiet. Det er gode rammer og vi er godt førebudde, fortel politioverbetjent Synnøve Domben.

Reknar med at det vert kaldt

Ho styrer eit vaktlag på 12–14 betjentar som skal hindre bråk, og ikkje minst sjå til at russen har det bra og gi ei hjelpande hand om det er naudsynt.

– Vi reknar med at det vert kaldt i natt, og det er viktig at russen tek vare på kvarandre, seier Domben.

Frykta hennar er at russ skal rote seg bort og ikkje finne heim att om dei har drukke for mykje alkohol.

Har fjerna sexknutar

Også visepresident for Hafstadrussen, Herman Schmider, har tru på kvelden. Han håpar dei skal unngå bråk og overgrep. I alle fall har russen sjølv gjort sitt på førehand.

– Vi har fjerna alle seksuelle russeknutar. Vi håpar det vil verke førebyggjande og hindre at det skjer overgrep, seier han.

40 vakter

Mangeårig arrangør, Per Svein Reed, seier at det er russen ved Hafstad vidaregåande skule og Mo og Øyrane vidaregåande skule som inviterer russ frå resten av fylket til Naustdal.

Sjølv har han ansvar som teknisk arrangør. I alt disponerer han kring 40 vakter på området som er gjerda inn og lyssett med sterke lyskastarar. Han er ikkje i tvil om at ungdommane vil kose seg med musikk og grilling.

– Det er så mykje fantastisk grei og kjekk ungdom. Det er drivkrafta mi for å halde på med dette. Det er nokre få unnatak som dessverre kanskje skapar nokre overskrifter i media, men dei aller fleste er fin ungdom, seier Reed, som sjølv reknar med at han setje kursen heim att til Breim i tretida natt til 1. mai.

Russefest Naustdal 30.april
Foto: Oddmund Haugen / NRK
Bli med på russefest på Sanden i Naustdal. Kring 500 russ er samla her natt til 1. mai.