Ordførar Torodd Urnes seier Hydro sine planar om å redusere produksjonen i Årdal gjer han skeptisk til søknaden.
Det er vidare konsesjon for eit stort kraftanlegg som no Luster kommune krev noko igjen for. Anlegget er tre gongar større enn Altavassdraget, og når det vart bygd var det eit av dei største i landet.
Ernst Veum
Solidaritet med arbeidsplassane i Årdal
Formannskapsmedlem og tidlegare ordførar, Ernst Veum, er klar på at Hydro sin manglande vilje for modernisering i Årdal påverkar kommunestyret i Luster. Vi har ein solidaritet med arbeidsplassane i Årdal, og halvparten av krafta som Hydro produserer i Sogn kjem frå Fortunseanlegget, seier han.
Skal Hydro ha krafta må dei gje noko igjen, og vi har stort sett berre møtt arroganse, seier Veum.