Hopp til innhold

Krev operapengar frå Giske

Eid Venstre ber no kulturminister Trond Giske om å vise handlekraft og syte for at finansieringa av operahuset i Eid kjem på plass, slik at bygginga kan starte i 2007.

Trond Giske
Foto: Stian Lysberg Solum

Staten må legge ut 20 millionar kroner for å sikre at prosjektet kjem på plass.

Operahuset skal ha 500 stolar og skal samlokaliserast med nyopprusta Eid vidaregåande skule.

Det skal vere eit spleiselag mellom staten, fylkeskommunen og Eid kommune.

Samla pris på operahuset er på kring 50 millionar kroner.