Hopp til innhold

Krev ny oljeavtale

Gunvald Ludvigsen ber regjeringa gripe inn og endre avtalen om Lutelandet og Florø.

Lutelandet
Foto: Merete Høidal / NRK

- Fylket hadde ein gyllen sjanse til å få ein større del av oljeindustrien, men kasta korta for tidleg, seier Gunvald Ludvigsen som er stortingsrepresentant for Venstre.

Massiv kritikk

Ludvigsen føyer seg dermed inn i rekka av kritikkarar av avtalen som fylket har gjort med StatoilHydro om Lutelandet og Flora. I går gjekk blant anna leiaren av finaskomiten, Reidar Sandal frå Flora, ut og hudfletta avtalen.

Les også: Ramsalt kritikk av fylkesordføraren

- Uaktuelt

Men i Olje- og energidepartementet seier statsekretær, Liv Monica Stubholt, at det ikkje er aktuelt for dei å overprøve avtalen.

- Dette må vel vere eit eksempel på at "mykje vil ha meir". Det er ingen som nektar for at denne avtalen vil få positiv verknad for Sogn og Fjordane. Og så er regjeringa sitt ansvar, i dialog med Stortinget, å sørge for at dei vedtak som er fatta blir fulgt opp, seier Stubholt.