Hopp til innhold

Ramsalt kritikk av fylkesordføraren

-Det er ein sensasjon at Nils R Sandal har skrive under på avtalen med StatoilHydro, seier stortingsrepresentant Reidar Sandal frå Ap.

Reidar Sandal
Foto: Eirin Aardal / Scanpix

Leiaren i finanskomiteen går til eit kraftig verbalt angrep på fylkesordførar Nils R Sandal, etter avtalen som vart signert i går mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og StatoilHydro.

Les også: StatoilHydro bygger vindmøllepark

Avtalen gjer at StatoilHydro kan hente straumen til Gjøa-plattforma frå Mongstad i Hordaland, ikkje Lutelandet i Fjaler. Som plaster på såret må StatoilHydro betale 120 millionar kroner for bygging av veg, kai og infrastruktur på Lutelandet.

- Eg forstår at dei som har jobba for Lutelandet er nøgde, seier Reidar Sandal. Men når det gjeld resten av avtalen som gjeld Flora og Sogn og Fjordane sin del av oljeutbygginga er Sandal meir enn kritisk.

Gyllen sjanse

Lutelandet

Lutelandet

Foto: Merete Høidal / NRK

-At representantane frå StatoilHydro smiler på bileta i dag kan eg godt forstå. Her hadde Sogn og Fjordane, gjennom det stortingsvedtaket som er gjort, ein gyllen sjanse til å få ein større del av offshoreindustrien. Den har vi kaste vekk, og det er sensasjonelt at fylkesordføraren kunne signere denne avtalen. Ikkje minst på bakgrunn av at ordføraren i Flora, Bente Frøyen Steindal, også sa nei til avtalen, seier Sandal.

Les også: Kritiserer Lutelandet-avtale

Han meiner fylkesordførar Nils R Sandal aldri burde ha sagt ja til å forhandle med StatoilHydro om ein avtale.

- Den jobben skulle departementet ha gjort. Du treng ikkje ha master i statsvitenskap for å forstå at du ikkje skal seie ja til å gjere det fylkesordføraren har gjort i denne saka, seier Sandal syrleg.

Blir ikkje 50 nye

Den røynde Ap-politikaren frå Flora går langt i å seie at delegasjonen frå Sogn og Fjordane er lurte av oljeselskapet når gjeld den såkalla røyravtalen som skal gi fleire arbeidsplassar i Flora. Kommunen kan bli base for all røyrlegging i Nordsjøen.

- Men det har ingenting med desse forhandlingane å gjere. StatoilHydro har av kommersielle grunnar sagt at dei vil legge røyrsentralen til Florø, og det er høgst usikkert kor mange arbeidsplassar det vil gi. 50, slik Firda skriv i dag, blir det ikkje. Sjå berre kva representantane frå oljeselskapet seier i dag. Dei snakkar om 40-50 på sikt, og med dei erfaringar vi har så veit vi kva det betyr, seier Sandal.

Sandal er opprørt over at avtalen no er signert, og vil be departementet om nøye å følgje vilkåra i avtalen slik at Sogn og Fjordane får den biten av kaka som dei no skal få.

- Vi har kasta vekk vår beste sjanse til å få ein større bit av offshoreindustrien gjennom den avtalen som Nils R Sandal har signert, seier stortingsrepresentanten frå Ap.