NRK Meny
Normal

Vil ikkje gi fattige asylsøkjarar meir pengar

Himanshu Gulati (Frp) vart møtt med krav om auka satsar for asylsøkjarar då han tysdag vitja asylmottaket på Vassenden i Jølster.

Alama Dimali

60 KR DAGEN: 27 år gamle Alama Dimali (t.v) fortel at 60 kroner dagen er alt for lite å leve av. Himanshu Gulati (t.h) vil ikkje gi dei asylsøkjarane som har fått avslag på søknaden meir pengar.

Foto: Bård Siem / NRK

Statssekretæren i Justisdepartementet kom til Astrup-bygda for å få innspel i asylpolitikken.

Tom Hjertholm, leiar for flyktning og integrering i Norsk Folkehjelp, leverte han 1.200 underskrifter for verdige økonomiske forhold medan asylsøkjarar ventar i mottak.

– Bebuarar som har vanleg status og ventar på svar eller busetjing, får kring halvparten av det som reknast som sosialstøtte minimumsbidrag å leve for, kring 100 kroner dagen å leve for. Dei som har fått avslag på sin søknad får kring 60 kroner dagen. Vi meiner det er uforsvarleg lite å klare seg sjølve på, seier han.

Svelt i mottak

27 år gamle Alama Dimali frå Sudan, som bur ved Jølster Asylmottak, fortel at 60 kroner dagen er altfor lite å leve av.

– Det blir for lite til å kjøpe det ein treng. For enkelte blir det så lite mat at dei svelt, seier han. For tida bur det 15 personar med endeleg avslag på asylsøknaden sin ved Jølster Asylmottak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom Hjertholm og Himanshu Gulati

UNDERSKRIFTER: Tom Hjertholm (t.v.) overrekkjer ei underskriftsliste til Himanshu Gulati med krav om auka stønad til asylsøkjarar som ventar i mottak.

Foto: Bård Siem / NRK

Svelt i mottaka

NRK hadde i vinter og vår ein serie artiklar om asylsøkjarar som svelt i mottak. Dei som har fått endeleg avslag på søknaden får utbetalt 1.960 kroner månaden til å dekkje mat, klede og alt anna forbruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Møte på asylmottaket i Jølster.

MØTE: Statssekretær Himanshu Gulati (Frp) i Justisdepartementet kom til Jølster for å få innspel om asylpolitikken.

Foto: Bård Siem / NRK

Grethe Apalseth, leiar ved asylmottaket i Jølster, meinte dette er for lite. Det meiner også 1.200 personar som i løpet av ein månad signerte underskriftsaksjonen til Norsk Folkehjelp.

– Frå helsetenesta i kommunar har vi fått vite at fleire bebuarar har hatt mangelsjukdomar som skuldast at dei ikkje kan ha eit variert og godt kosthald. Pengane våre bebuarar får skal ikkje berre dekkje mat, men også medisin, legebesøk, transport, telefon og alle utgifter i livet. Då meiner vi at satsane er uforsvarleg låge, seier Hjertholm.

6.000 kroner i månaden

Han meiner at satsane på sikt bør kome på same nivå som minstestandard for sosialsatsar, slik at bebuarar som ventar kan ha eit verdig liv.

– Det ligg på kring 6.000 kroner i månaden for å greie livets opphald utanom utgifter til å bu. Det er det norske borgarar får, og våre bebuarar får kring halvparten og under det per dag, seier Hjertholm.

– Men asylsøkjarar som ikkje har krav på opphald, skal dei ha krav på pengar?

– Alternativet er å kaste folk på gata. No har Norge bestemt at dei skal ha butilbod, men då meiner vi at det også må vere forsvarleg og at dei har nok til å klare livets opphald. Alternativet er å gje folk moglegheit til å jobbe medan dei ventar på busetjing eller retur.

– Pliktige å reise frå landet

Statssekretær Himanshu Gulati seier det gjorde inntrykk å høyre historiene om asylsøkjarar som svelt.

– Men vi må stå fast ved at når nokon får eit lovleg fatta vedtak frå norske styresmakter, anten det er ja eller nei, så må ein halde seg til det. Når ein prøver å omgå avslaget og likevel bli i Norge, så er det ikkje noko vi som norske styresmakter kan akseptere, seier han.

– Vi meiner at dei som har fått avslag på søknaden sin har ei plikt til å forlate Norge. Då kan dei ikkje vente å få ordningar som skal vare over tid. Dette er eit nøkternt beløp som ein skal få til ein oppfyller plikta og reiser frå Norge, legg han til.

– Dei fleste kan reise

Gulati seier dei har auka satsinga på uttransportering kraftig, slik at det blir sendt ut kring 45 prosent fleire i år enn tidlegare år.

– Men fleire av desse kan ikkje reise frå Norge, fordi mottakslanda ikkje vil ta i mot dei?

– Dei aller, aller fleste kan reise til heimlanda sine gitt at dei sjølv medverkar. Men mange av desse ynskjer ikkje å medverke til utreise, og det må dei sjølve ta ansvar for. Har du fått nei på ein asylsøknad, så har du ikkje rett til å vere i Norge.

– Det er ikkje alle som kan reise, så då skal resten straffast?

– Dersom du har fått vedtak frå norske styresmakter, så er det eit bindande lovleg fatta vedtak. Dei som får avslag er pliktige å reise frå Norge. Nokre vel likevel å ikkje reise, og blir her og kritiserer i tillegg at dei får eit lågt beløp.

Må medverke

Gulati vedgår at 60 kroner dagen er eit veldig nøkternt beløp. Likevel er han ikkje til å rikke på at satsane skal aukast.

– Hadde du greidd å leve på det?

– Poenget er at det er folk som har fått avslag på sin søknad og er pliktige i å forlate Norge, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser