Hopp til innhold

Hevdar asylsøkjarar svelt i mottaka

Norsk Folkehjelp meiner mange asylsøkjarar med endeleg avslag svelt medan dei sit i norske mottak. No krev dei at politikarane ryddar opp og sikrar bebuarane ein verdig kvardag.

Grete Apelseth

KREV ENDRING: Grete Apelseth og Norsk Folkehjelp krev at satsane for dei med endeleg avslag blir heva vesentleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Asylsøkjarar med endeleg avslag får 1960 kroner i månaden dei skal leve for. Det skal halde til alt frå mat, klede, toalettartiklar og alt anna dei måtte ha behov for.

Grethe Apelseth som er leiar ved Norsk Folkehjelp sitt mottak på Vassenden i Jølster er forferda over situasjonen.

– Dette er altfor dårleg av velferdsstaten Norge, seier ho oppgitt.

– Mange er underernærte

Apelseth og Norsk Folkehjelp krev no at utbetalingane til dei med endeleg avslag må hevast vesentleg. Slik det er i dag går det utover både den fysiske og psykiske helsa deira, hevdar ho.

– Det er veldig trasig å leve så nært inn på menneske som slit med å få nok av det vi tek som ein sjølvfølgje, nemleg mat, seier Apalseth til NRK.no.

Det bur ti bebuarar i aldersgruppa 22 til 64 år med endeleg avslag på søknaden sin ved asylmottaket i Jølster.

Fleire av dei har budd på mottaket i mange år, og felles for dei er at dei er underernærte, hevdar Apelseth.

– Vi har fått varsku frå legane om at folk slit med å få i seg det dei treng av rett ernæring. For 1960 kroner er det vanskeleg å få i seg nok av det du bør av frukt, grønsaker, kjøt og fisk, seier ho.

Drøymer om eit skikkeleg måltid

Ei av dei med endeleg avslag er ei eritreisk kvinne i 20-åra, ho har budd ved mottaket i litt over tre år.

Ho er tynn og bleik, og fortel at ho drøymer om å få ete seg mett gjennom eit skikkeleg måltid.

– Eg er veldig svolten, seier ho.

– Kva mat drøymer du om?

– God mat. Fisk, mjølk og kjøtt, ramsar ho opp.

Påverkar den psykiske helsa negativt

NRK har fått innsyn i enkelte av bebuarane sine legejournalar. Der går det tydeleg fram at dei lir av underernæring, noko som igjen verkar negativt inn på deira psykiske helse.

– Lite mat og feil ernæring gjer at ein også blir slitande med den psykiske helsa. Det er vanskeleg for dei å motivere seg og ha eit energinivå til å vere med på aktivitetar, trekkjer Apelseth fram.

Ho meiner forholda asylsøkjarane med endeleg avslag må leve under er uverdige i eit rikt land som Norge.

– Men dei har fått endeleg avslag, bør dei ikkje då reise ut av landet?

– Det har ikkje rett på vern i Norge, men av mange ulike grunnar kan dei ikkje reise, seier Apelseth og viser til at dette til dømes kan skuldast mangel på identifikasjonspapir.

– Men om ein hevar satsen, vil ein ikkje då på ein måte premiere dei for å vere her ulovleg?

– Om dei får nok pengar til å kunne ha eit kosthald som gjer at dei kan ta vare på si eiga helse, så vil det også kunne gjere til at dei kan ta klarare val, seier Apelseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Arild Ellingsen

MYSTISK: Jan Arild Ellingsen (Frp) meiner det er merkeleg at denne saka kjem fram kort tid etter eit regjeringsskifte, då satsane har vore dei same i mange år.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Forundra over tidspunktet

Stortingsrepresentant Jan Arild Ellingsen frå Framstegspartiet viser til at gjeldande sats på 1960 kroner i månaden til asylsøkjarar med endeleg avslag, er den same satsen som den raudgrøne regjeringa opererte med.

Han er forundra over at denne saka kjem opp i media no.

– Det står fram som mystisk, og som politisk tima inn etter eit regjeringsskifte.

– Vi har hatt ei regjering som har sete i åtte år, og for meg er det heilt nytt at det er ei problemstilling at dei som sit i mottaka ikkje får nok mat slik at det går ut over helsa deira, seier Ellingsen til NRK.no.

Vil hente inn meir informasjon

Han understrekar at han ikkje har noko grunn til ikkje å tru på mottaksleiaren, men meiner likevel det er merkeleg at dette er ei sak som kjem opp først no.

– Men det er vel dagens regjering som har ansvar for dagens situasjon, kva seier du til dette?

– Med føresetnad av at dette er eit faktum, så kjem dagens regjering sjølvsagt til å sjå på dette og ta dei grepa som er nødvendige.

– Kva konkret vil de gjere?

– Eg vil hente inn meir informasjon, og om det er slik at vi tek vare på folk på ein slik måte at dei blir underernærte og sjuke av det, så skal vi sjølvsagt gjere noko med det, seier Ellingsen.

Ber bygdefolket om mat

I Jølster appellerer mottaksleiar Grete Apelseth til innbyggjarar i nærområdet med eit stort og varmt hjarte, slik at det blir levert fersk og næringsrik mat til asylmottaket.

– Vi tek gjerne imot mat med mykje næring i. Frukt, grønsaker, brød, kjøt og fisk er veldig aktuelt, seier ho.