Totalt har det meldt seg 54 kreditorar, etter at OK Fish gjekk konkurs. Dette skjedde like etter at eigar Jarle Kvalheim vart avslørt for omfattande momssvindel.
Jarle Kvalheim
Staten har tatt buet inn for retten. Dei har krevd at dei får førsteprioritet på dei 60 millionane som er i buet. Ei sak dei har tapt både i heradsretten og lagmannsretten. Saka er no anka inn for Høgsterett. Vinn staten fram vil det berre bli småpengar att til dei andre kreditorane.