Hopp til innhold

Krass kritikk mot HAFS-leiinga i rapport

Leiinga i det snart nedlagde næringsselskapet HAFS utvikling, får så hatten passar i ein rapport som blei offentleggjort i dag. Men leiinga meiner at rapporten bommar.

HAFS

HAFS Utvikling, eigd av Askvoll, Fjaler, Solund og Hyllestad, blir no nedlagd etter at fleirtalet har vedteke å trekkje seg ut av selskapet. Politikarane har fatta sine vedtak basert på ein hittil hemmelegstempla rapport, som i dag blei gjort offentleg.

Det var avisa Firda som først fortalde at ein hemmeleg evalueringsrapport ville føre til ei nedlegging av næringsselskapet for kommunar i ytre Sogn og ytre Sunnfjord.

I den omfattande rapporten kjem det fram at eigarane av selskapet og brukarane av næringsrådgjevinga ikkje har vore nøgde. Dette er nokre av punkta:

  • Manglande tillit til leiinga
  • Samanblanding av roller som dagleg leiar og andre roller
  • Eigarane opplev lita styring og påverknad på selskapet si utvikling
  • Uklar og manglande kommunikasjon, blir oppfatta som svak på samarbeid
  • Selskapet er ikkje noko regionen er «samla» om

Dagleg leiar tek kraftig til motmæle

Dagleg leier i Hafs utvikling Anders Lien tek til motmæle mot kritikken. Lien hadde ikkje sett rapporten før NRK ringte, og er forbausa over at eigaren sender den til media før dei tilsette har fått sett.

Lien har fått sett rapporten frå NRK, men har ikkje hatt høve til å studere den nøye. Men ut frå det han har sett stiller han spørsmål om kvaliteten på rapporten:

– Eg har full tillit frå styret, det har dei samrøystes stilt seg bak.

Lien stiller seg heilt uforståande til skuldingane om samanblanding av roller:

– Eg anar ikkje kva det skulle vere. Vi har full openheit blant alle tilsette ovanfor styret, og vi er veldig vare på alt som kan likne samanblanding av roller.

Lien meiner samarbeidet rundt selskapet har vore godt:

– Vi har eit fantastisk godt samarbeid med enkeltbedrifter og ikkje minst næringsorganisasjonane. Næringsorganisasjonane i Askvoll, Fjaler og Solund har faktisk bedt om at vi ikkje skal leggast ned.

Arve Helle

KJEDELEG: Arve Helle tykkjer heile situasjonen er kjedeleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har tillit til leiinga

Også avgått styreleiar Johnny Haugsbakk i Hafs utvikling stiller seg uforståande:

– Eg stiller meg uforståande til påstanden om manglande tilllit til leiinga. Eg har hatt god dialog med både dagleg leiar og resten av styret. Dagleg leiing har vore gjort på ein utmerka måte.

Haugsbakk meiner Hafs utvikling var på rett veg:

– Det har vore utfordringar når det gjeld samarbeid mellom fire kommuner og fire ulike næringorganisasjonar. Det krev tid, og mykje må gå seg til.

Ein kjedeleg situasjon

HAFS Utvikling har vore eit underselskap av Lutelandet Utvikling AS, der tidlegare Fjaler-ordførar Arve Helle er styreleiar. Det er dei som bestilte rapporten på vegner av eigarkommunane.

– Eg har ikkje kommentarar til innhaldet. Evalueringa av selskapet er gjort gjennom denne rapporten, seier Helle.

Han vedgår at det er ein vanskeleg situasjon, både for tilsette og kommunane:

– Dette er ein veldig kjedeleg situasjon. Dette er ei sak som ein skulle ha vore forutan. Eg konstaterer at det har blitt som det har blitt,.