Leiar i utvalet, Audun Åge Røys, ser alvorleg på saka.
- Det vanskeleggjer arbeidet vår i kontrollutvalet. Vi er avhengige avhengige av samarbeidet med administrasjonen, seier Røys.
Svarar ikkje på brev
Det er Firdaposten som idag skriv om den flengjande kritikken av rådmannen. Ved to høve skal rådmann Gulhaugen ha latt vere å svare på brev frå kontrollutvalet. I tillegg møtte han ikkje når han vart kalla inn til møte.
- Det har vore fleire kritikkverdige tilhøve opp gjennom åra, så det ballar på seg, seier Røys, som stiller spørsmål med rådmannen sin vilje til å samarbeide med utvalet.
Mangelfull sakshandsaming
Røys trekkjer òg fram at rådmannen har hatt mangelfull sakshandsaming slik at kommunestyret har måtta sende sakar tilbake til administrasjonen utan behandling.
- Det er slike ting som hindrar ei effektiv styring av kommunen, seier kontrollutvalsleiaren.
Lovbrot
Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, er også kritisk til administrasjonen sine rutinar.
- Det å ikkje svare på brev er eit klart brot på forvaltningslova, og det må vi gripe fatt i. Vi kan ikkje akseptere at slike ting blir neglisjert, seier ordføraren.
Også han meiner dette er del av eit større bilete.
- Det har vore kritikk på dette også tidlegare. No er det viktig å få på plass rutinar som gjer at dette kjem på plass.
Rådmann Tor Kristian Gulhaugen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.