Hopp til innhold

– Pinleg. Det er Brosvik sin dom over Heggø sitt vegutspel

Stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet Ingrid Heggø meiner ein kan få pengar til mange andre vegar i fylket dersom ein vel indre linje over Nordfjorden for ny E39. – Pinleg, seier Trude Brosvik (KrF).

Ingrid Heggø og tweet frå Brosvik
Foto: Brit Jorunn Svanes/skjermdump Twitter / NRK

Heggø og Arbeiderpartiet vil at brua over Nordfjorden, og då nye E39, skal gå via Stryn i den sokalla indre linja. Den er to milliardar billegare enn midtre linje, dersom midtre linje går via Stigedalen, og ikkje den nyleg opna Kvivsvegen.

Ingrid Heggø.

STORTINGSREPRESENTANT: Ingrid Heggø (Ap)

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Slik har eg forstått samferdsleministeren, so er det at det er Stigedalen ein snakkar om på grunn av samfunnsøkonomisk nytte. Og Stigedalen er to milliardar dyrare enn indre alternativ, seier Heggø.

Då meiner Heggø at dei to milliardane, samt 400 millionar frå Olden-Innvik, kan brukast på andre vegprosjekt i Sogn og Fjordane.

– Det er klart at det er mange vegstubbar ein kan få ordna opp for 2,4 milliardar dersom ein vel indre linje.

– Men det er ikkje noko automatikk i at desse 2,4 milliardane vil kome til fylket? Heller tvert om, det er mest truleg at desse pengane vil forsvinne til andre fylke?, spør programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

– Uansett er det noko som skal prioriterast ned, det har me ikkje høyrt noko om i denne samanhengen. Pengane veks ikkje på tre, det er innanfor ei ramme, og innanfor den ramma må me prioritera.

– Men Ap vil ikkje vike i valet sitt?

– Nei, eg trur den indre linja er den beste og rimelegaste. Om ein får ein pott med pengar frå det me sparar med å ta den indre linja, so hadde me hatt til både Vikafjellet, Førdepakken og kanskje litt til Kystvegen også, i tillegg til å gjera ferdig frå Byrkjelo til Lote, seier Heggø.

– Tåpeleg

Dette får Trude Brosvik, KrF sin gruppeleiar på Fylkestinget, til å sjå raudt. Ho la umiddelbart etter innslaget ut ei melding på Twitter der ho kom med sin reaksjon.

Brosvik på Twitter
Foto: Skjermdump / Twitter

Ho utdjupar dette til NRK i eit intervju litt seinare:

Trude Brosvik

KRISTELEG FOLKEPARTI: Trude Brosvik er gruppeleiar for KrF på Fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Anten so fører ho bevisst folk bak lyset eller so veit ho ikkje korleis vegpengane vert fordelte. Når ho sa at dei to milliardane som Stigedalen kostar ekstra kunne me få bruka til andre ting i fylket, det verkar heilt ute i det blå, seier Brosvik.

– Eg tykkjer det var veldig tåpeleg. Det er klart to milliardar til vegar er med å auka forventningane veldig mykje, og når det ligg inne 60–70 millionar kroner til fylkesvegane dei neste åra, so heng det ikkje i hop i det heile. Det har aldri vore slik at om ein sparar ein milliard på E39 i Hordaland, so kan den brukast i Sogn og Fjordane. Det er ikkje slik det fungerer, og då blir det feil av og ho å seia noko slikt og føre folk bak lyset.

Men ho er samd i at Heggø har eit poeng i at det vil bli meir pengar til veg andre stader om ein byggjer billigare. Ho vil likevel ikkje bli med på at dei pengane automatisk vil koma Sogn og Fjordane til gode.

– Ho har eit poeng i at dersom ein byggjer billigare so har ein meir pengar å bruke andre stader. Men eg trur ikkje at om ein byggjer billigare i til dømes Hordaland, at dei pengane blir brukt på Vikafjellsvegen, som ho snakka om.

Heggø slår tilbake på kritikken.

– Eg tykkjer ikkje det er tåpeleg, eg meiner me må setja oss ned å diskutera kva som er bestemt, seier Heggø.

– Kaka for vegmidlar er bakt, det er bestemt kor mykje me skal bruka på riksvegar og europavegar, og også fylkesvegar neste år. Men det er ikkje sett ned kor mykje kvart fylke skal få i prosent til fylkesvegane.