Fjærlandsfjorden. Arkivfoto Arild Nybø NRK
Dei fem utbyggingane er Jordal og Hatlestad på vestsida av fjorden, og Bjåstad, Lidal og Romøyri på austsida. Utbyggingsjef Tor Gjermundsen i Småkraft AS innser at det kan bli innvendingar undervegs, men han sjølv meiner inngrepa blir små. - Eg har vore på Fjærlandsfjorden og sett at det er att mange bekkar som gjer mykje ut av seg, og der vi har tenkt å ta vatn er det ikkje så veldig godt synleg frå fjorden, seier han.
- Kraftlinjer mindre kontroversielle
I tillegg kjem kraftlinje, anten frå Rauboti opp til Meneseggi, eller frå Rauboti til Menes og i sjøkabel over til Dragsvik, alt etter kva høyringsrunden finn mest tenleg. Gjermundsen trur linja er mindre kontroversiell. - Det kjem til å bli lite synleg fordi det er meininga å nytte kraftlinjer som alt er der, men med mindre spenning, seier han.
- God lønsemd
Investeringa ligg på 250 millionar kroner, og Gjermundsen reknar med god lønsemd. - Det er ikkje av dei billegaste utbyggingane, sidan vi må bruke ein del på kraftlinjer, men absolutt interessant og akseptabel lønsemd, seier han.
- Bygging i 2007
Konsesjonssøknadene er no sende på høyring, og prosessen vil ta noko tid. - Sidan det er fem kraftverk og relativt mykje energi, reknar vi med at Norges Vassdrags- og Energidirektorat vil bruke ein del tid på behandlinga, men vi håpar å få konsesjon ein gong i 2006, slik at vi kan ta til å byggje i 2007, seier utbyggingssjef Tor Gjermundsen i Småkraft AS.
- Må passe nøye på
- Ei utbygging av småkraftverk langs Fjærlandsfjorden må vaktast nøye, meiner styreleiar i Sognefjord Reiseliv, Nils Paulsen. Han meiner planane om ei utbygging kan vere svært negative dersom den fører til store inngrep i naturen.
- Kan vere viktig og rett
Paulsen meiner ei slik utbygging kan få konsekvensar for turismen i området, men meiner likevel den kan vere viktig og rett for dei fastbuande i Fjærland.
Ikkje prinsipielt imot
Naturvernforbundet krev ei full kartlegging og oversyn over planlagde utbyggingar. Men dei er ikkje prinsipielt motstandarar av ei utbygging langs Fjærlandsfjorden.