Hopp til innhold

Kraftige snøbyer gjer det vanskeleg for bilistane

Det snør og bles kraftig på Strynefjellet. Brøytebilane køyrer kontinuerleg for å halde riksvegen open.

Grasdalen på Strynefjellet

MYKJE SNØ: Slik ser det ut i Grasdalen på Strynefjellet søndag føremidag.

Foto: Statens vegvesen

SISTE: Statens vegvesen melder søndag ettermiddag om snø- og isdekke og fare for glatte parti på riksveg 15 over Strynefjellet. Klokka 14.15 er det minus tre grader, frisk bris og kraftige snøbyer.

Trafikkoperatør Heidi Hauge Rasmussen ved Vegtrafikksentralen i Bergen fortel til NRK søndag føremiddag at brøytebilane køyrer i skytteltrafikk over fjellet for å halde vegen open. Sjåføren på ein trailer som stod fast på veg opp fjellet på Stryne-sida fortalde at det var ein halv meter snø i vegen.

Står fast

Om det verkeleg var så mykje, skal vere usagt, men Hauge Rasmussen er ikkje i tvil om at det er mykje snø i området.

– Traileren sperrar ikkje trafikken. Han ventar no på ein bil som skal strø for han, slik at han kjem seg vidare, fortel ho.

Kan verte stengd på kort varsel

Hos Vegtrafikksentralen i Oslo får NRK opplyst at det søndag føremiddag er liten trafikk over Strynefjellet. Dei oppmodar folk om å køyre med vinterdekk, og minner samstundes om at vegen kan verte stengt på kort varsel om forholda vert verre.

Snø også i lågare strok

Når det gjeld dei andre fjellovergangane mellom aust- og vestlandet vert det meldt om glatt føre med snø- og isdekke, opphaldsvêr og lite vind.

Fylkesveg 614 ved Langesi i Bremanger

GLATT: Fylkesveg 614 ved Langesi i Bremanger.

Foto: Statens vegvesen

– Elles har vi fått inn melding om at det slaps i vegbanen i Magnhildskaret og snøføre over Ålfotøgda i Bremanger, opplyser trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Verst i nord

Statsmeteorolog Tone Christin Thaule kan ikkje love dei som skal køyre over Strynefjellet betre forhold utover dagen. Vêret skal halde seg nokolunde uendra med sterk vind frå nordvest og kraftige snøbyer.

– Vinden vil løye og dreie meir vestleg utover dagen, men det vil framleis gå kraftige byer i nordlege område, forklarar ho.

Thaule seier det er flest byer i Nordfjord og langs kysten. I indre strøk kan snøgrensa kome heilt ned i 100–200 meter.