Ber bilførar melde seg: – Det kom mageinnhald ut av munnen på geitene

Langs vegkanten stod påkøyrde og blødande geiter som heiv etter pusten. Der stod dei att hardt skadde i fleire timar før nokon melde frå.

Geiter

MÅTTE BØTE MED LIVET: Det var eit vondt syn som møtte Geir Nesbakk og familien langs Berleporten i Bremanger kommune.

Foto: TORE RØYS NESBAKK

– Det kom mageinnhald ut av munnen på geitene, så det var tydelege teikn på indre skadar. Eg fekk melding om at dei stod apatiske langs vegkanten og skalv, seier Geir Nesbakk.

Det var på måndag at telefonen til geitebonden i Bremanger ringde. Den første meldinga gjekk ut på at innringaren såg ei geit og eit kje som var skadde.

Saman med sonen heiv dei seg i bilen for å sjå etter dyra. Det skulle vise seg å vere langt verre enn kva dei trudde.

– På vegen såg eg først eitt dyr som stod heilt apatisk og skalv, så såg vi enda eit dyr. Dei rista og heiv etter pusten, og hadde store problem med indre blødingar, fortel sonen, Tore Røys Nesbakk.

Det er straffbart å ikkje melde frå om påkøyrsel av dyr.

geiter, berleporten, bremanger, påkøyrsel

MÅTTE AVLIVE: Alle dei fem dyra måtte avlivast, og to av dei var så vanskelege å få tak i at det måtte skytast med rifle.

Foto: Tore Røys Nesbakk

Måtte skyte geiter med rifle

Langs vegkanten fekk Nesbakk eit syn han truleg aldri vil gløyme.

– Det var eit skrekksyn for alle bønder. Vi fann fem hardt skadde dyr som var etterlaten aleine i vegkanten, seier Nesbakk.

Bonden meiner geitene har gått skadde i tre-fire timar. Det siste kjeet dei fann hadde gått fire-fem kilometer. Alle fem dyra måtte bøte med livet, og to av dei måtte skytast med rifle.

– Det er vondt å tenkje på at dei gjekk der heilt hjelpelause. Det verste er lidinga som dyra har hatt, utan at nokon har gitt beskjed. Vi steller med desse dyra heile året og bryr oss veldig om dei, seier Nesbakk.

Geiter Berleporten

SKJELVANDE: Geitene skalv og rista, og heiv etter pusten då Geir Nesbakk og sonen Tore Røys Nesbakk fann dei.

Foto: Tore Røys Nesbakk

Politiet har fått fleire tips

Geir og sonen veit at påkøyrslar kan skje når dyra går langs vegen. Dei meiner bilisten må ha merka det som skjedde, og burde gitt beskjed.

– Vi er smerteleg klare over at slikt kan skje, men den som har køyrt på dei fem geitene kan ikkje ha unngått å fått det med seg. Det er eit problem at folk har for dårleg tid og køyrer for fort, seier Tore Nesbakk.

Politiet i Bremanger har fått tips som dei vil følgje opp etter geitepåkøyrslene ved Berleporten i Bremanger. Det er straffbart å ikkje melde frå om dyrepåkøyrslar.

– Vi har fått inn nokre tips som vi skal sjå nærare på, men vi veit ikkje kven som har gjort det, seier politi Espen Gulliksen.

Etter kvart var det fleire som ringde for å seie frå om dei skadde geitene langs vegkanten. Det set geitebonden stor pris på.

– Eg vil takke dei som ringde og eg håpar at den som har gjort det melder ifrå. Eg veit ikkje kven som har gjort det, men eg vil dei skal vite at dyra ikkje har hatt det godt. No håper eg at vedkomande melde seg, seier Nesbakk.