NRK Meny
Normal

Køyrde ni timar for å sjå Sogndal

RANHEIM (NRK) Bortetribuna i Trondheim er utseld. Ein av dei som fyller tribunane er Isak Hommedal, som har køyrt over ni timar i dag for å sjå Sogndal.

Reiste ni timar for å sjå Sogndal

SPENTE: Sogndalsupporterane f.v. Isak Hommedal, Sturla Hommedal og Jan Fortun sit på pub like ved Ranheim stadion og nærast bit negler før kampen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Vennegjengen Isak Hommedal, Sturla Hommedal og Jan Fortun sat på pub ikkje langt unna Ranheim stadion, ein halvannan time før Sogndal og Ranheim møttest til dyst.

Dei var spente og nervøse før møtet som skal avgjere kven av dei to laga som spelar i Eliteserien 2018.

– Eg håpar det går vegen. Får vi eit tidleg mål, går det bra, trur Isak Hommedal.

Han hadde hatt ein spesielt lang dag før kampen.

– Eg starta på Voss klokka 06 i dag tidleg, og har køyrt i 9,5 timar frå for å komme opp hit i tide, seier Hommedal.

– Grufulle minuttar

– Det blir ein seig tur heim att om Sogndal går ned i dag, då?

– Eg vil ikkje tenke på det ein gong. Uff nei.

– Korleis trur du desse 90 minuttane med fotballkamp blir?

– Heilt grufulle. Forhåpentlegvis blir det betre etter kvart. Men fram til vi får eit mål eventuelt, veit eg ikkje om eg klarar å sjå på ein gong.

– Kvifor køyrer du 9,5 timar når du veit det blir så jævlig?

– Haha ... det lurer eg på òg! Men det er dette med lidenskap og kjensler då, smiler Isak Hommedal.

Følg kampen

Lagnadskampen mellom Ranheim og Sogndal på Ranheim stadion i Trondheim følger du her på NRK Sogn og Fjordane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.