Vel, eg er ikkje så sikker på det lenger. For 0-4 til pause mot FK Tønsberg - det svei. Det svei noko aldeles grusomt.
Sommaren er her
Yngve Hallén gav Svein Bakke, Trond Fylling og Kjetil Ruthford Pedersen frist fram til sommaren med å få Sogndal-skuta på rett kjøl. Søndag hadde eg på meg solkrem medan eg grilla i hagen heime i Sogndal. Om du må ha det inn med teskei, herr Hallén, so betyr det at sommaren endeleg er komen. Eg treng vel ikkje minna deg på at samtidig som eg grilla i hagen fekk Sogndal-skuta nok ei slagside i Tønsberg.
Så om det er Yngve Hallén som verkeleg bestemmer i Sogndal, veit han kva han har å gjera. Problemet er nok at det er ikkje er han som bestemmer. Han bestemmer i alle fall ikkje nok til at han kan gjera det som gjerast må.
Tomme sete
For no er tilliten til det sportslege apparatet i Sogndal så liten som den kan bli blant dei som følgjer klubben. I cupkampen mot HamKam var det litt over 500 tilskodarar på tribuna. Det er omtrent like mange som det i realiteten er på ein vanleg seriekamp no for tida - om ein trekker frå alle dei ubrukte sponsorbillettane som gir Sogndal eit kunstig høgt tilskodartal. Dei tomme seta skrik på sitt eige stille vis ut ein protest mot dei styrande i den etter kvart så vanstyrte klubben.
Presterer for lite
For det første så skrik dei ut at Trond Fylling er feil mann til å trena denne klubben. Dei skrik og ut at Svein Bakke for andre gong på rad har tilsett heilt feil trenar - og kanskje ikkje har det grepet han ein gong hadde. Dei skrik for så vidt og ut at kaptein Kjetil Ruthford Pedersen og omtrent samtlege andre spelarar tener for mykje og presterer for lite. Men dei veit at den rette sjefen hadde fått spelarar som i utgangspunktet er så gode, til å prestera som eit lag.
No er det alvor
For no må ein ikkje lata seg trøysta av eit heiderleg resultat mot Follo neste helg. Ein må heller ikkje lata seg trøysta av ein brukbar 2. omgang søndag, slik Fylling har lagt seg for vane. For no er det alvor.
Fare for nedrykk?
Når såpass nøkterne og Sogndal-venlege fotballekspertar som Per Mathias Høgmo byrjar å åtvara mot nedrykk til 2. divisjon, betyr det at dette kan enda alvorleg gale. 16. mai-kampen på Fosshaugane neste år kan bli mot Jotun/Årdalstangen. For Høgmo er ingen Ivar Hoff. Han er ein nøktern mann med triumfar som dokumenterer at han veit kva han snakkar om.
Akkurat no kunne ein trengt ein slik ein i Sogndal. For no er sommaren komen.