NRK Meny
Normal

Dei er stolte over å vere etterkommarar etter ein Eidsvoll-utsending

På garden Stødno i Lærdal står det ei minnestøtte over Eidsvoll-mannen Peder S. Pederson Hjermann (1754-1834). Han var den einaste bonden av dei tre som vart valde til å representere Nordre Bergenhus Amt då grunnlova skulle lagast.

To blad Hjermann med minnestøtta

STOLTE ETTERKOMMARAR: To generasjonar Hjermann, begge heiter Per Severin, ved minnestøtta som står på garden deira, Stødno i Lærdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han er tipp-tipp-tippoldefaren til dagens eigar av Stødno, 65 år gamle Per Severin Hjermann. Både han og sonen med same namnet synest det er stas å vere etterkommarar av Eidsvoll-mannen.

– Vi tenker litt på han, særleg kvar 17. mai.

Denne datoen var spesiell på mange måtar for Peder Pederson Hjermann, for 17. mai 1809 gifte han seg for andre gong, fortel tipp-tipp-tippoldebarnet Per Severin.

Peder Pederson Hjermann

SLIK SÅG HAN UT: Peder Hjermann var 60 år gamal då han tok turen over fjellet til Eidsvoll i 1814.

Foto: Måla av Ragna Henning Larsen / Eidsvoll 1814

– Det er eit underleg samantreff. Det har eg tenkt på mange gonger.

– Tillit i bygda

Han veit ikkje grunnen til at forfaren hans vart vald som utsending, men han er stolt over den tiltrua bygdefolket hadde til han.

– Det eg tykkjer er mest fantastisk er at han hadde slik tillit her i bygda at han vart vald til utsending til møtet i Vik, det tyder på at han var godt likt her heime. Og på møtet i Vik må han ha vore ein god politikar som fekk sunnfjordingar og nordfjordingar til å røyste på seg.

Peder Hjermann var 60 år i 1814, men relativt nygift. Etter eit barnlaust ekteskap gifte han seg på ny som 55-åring i 1809 med Else Sofie Lem frå Årdalstangen. Ho var vel 20 år, på den tida måtte ein ha løyve frå kongen for å gifte seg så ung.

Dette kongeløyvet finst framleis på Stødno. Dei fekk 12 barn saman, berre fem levde opp, og fire av dei igjen drog til Amerika. Per S. Hjermann er stolt over at tipp-tipp-tippoldefaren vart vald, først som utsending til møtet på Vange i Vik, og deretter til Eidsvoll-forsamlinga.

Kongebrev på Stødno i Lærdal

KONGEBREVET: Dette brevet frå Kongen i København gav Peder Hjermann løyve til å gifte seg i 1809 med den langt yngre Ellen Sofie Lem.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samd med Falsen

Bonden frå Lærdal var ikkje mellom dei som dominerte grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll, men litt sa han. Ifylgje referata sa han dette under kongevalet den 17. mai 1814:

«Efter ønske av den hele almue, hvorfra jeg er sendt, og efter min egen overbevisning, velger jeg votere elskede prins Christian Frederik til at være Norges Konge.»

Ser ein bort frå denne voteringa går det ikkje fram av referata at Hjermann sa særleg mykje på Eidsvoll, han gav eit par gonger uttrykk for at han var samd med Christian Magnus Falsen. Tipp-tipp-tippoldebarnet synest ikkje det er så rart at han ikkje gjorde seg meir gjeldande.

– Det var vel ikkje så enkelt å kome der som bonde når to tredelar av forsamlinga var samfunnsstøtter som amtmenn, prestar og andre embetsmenn.

Det meste av gamle papir vart øydelagd i ein brann på Stødno i 1921, difor er det lite att som kan fortelje om Peder Hjermann var oppteken av at han hadde vore med på å skrive den norske grunnlova, seier Per Severin Hjermann.

– Eg veit berre at det vart fødd 12 ungar her på garden i desse åra, fem av dei voks opp. Så han hadde mykje å gjere heime med garden og det heile. Bestefaren min studerte tingprotokollar og slikt, men det er veldig lite etter Eidsvoll-mannen alle stader, han hadde det travelt heime, seier Per Severin Hjermann.

Per S. Hjermann

MED KNIVEN TIL EIDSVOLL-MANNEN: Per Severin Hjermann med ein brevkniv som er mellom dei få handfaste minna han har etter tipp-tipp-tippoldefaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein av samfunnets støtter

Det som er att etter Eidsvoll-mannen er ein brevkniv i sølv, eit sølvstaup og kongebrevet som gav han løyve til å gifte seg med den langt yngre Else Sofie Lem. Det høyrer med til historia at ho døydde før mannen sin.

Lokalhistorikar og kulturvernkonsulent Kåre Hovland seier det ikkje var tilfeldig at Per Hjermann vart vald som ein av to frå Lærdal til møtet i Vik.

– Eg trur han var ein av samfunnets støtter, han hadde gjort seg bemerka i tida 1801-1803, i striden lærdølene hadde om militærtenesta. Der stod han fram som kongevenleg og ikkje opprørsk. Han var ikkje mellom dei som var revolusjonære under den striden .

Det er ikkje godt å seie om Peder Hjermann hadde noko mandat med seg frå heimbygda og amtet, men han var iallfall ikkje av dei som ville godta å kome under svensk herredømme, seier Hovland.

– Han var heilt tydeleg, han var ein grunnlovsmann, og han viste seg også å bli ein del av Sjølvstendepartiet då han kom til Eidsvoll. Og han heldt med Falsen i store trekk.

Kåre Hovland

- EIN AV SAMFUNNETS STØTTER: Lokalhistorikar Kåre Hovland meiner Peder Hjermann var ein mann lærdølene hadde stor tiltru til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lærdal var på fleire måtar ein sentral stad i det som skjedde rundt grunnlovsforsamlinga i 1814. Dei fem utsendingane frå Bergenhus Amt vart rodde frå Bergen til Lærdalsøyri på vegen til Eidsvoll.

Presten Bøyesen

I tillegg er preika til sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen på bededagen 18. mars 1814 teken vare på. Bøyesen var sokneprest i Lærdal frå 1812 til 1822, og han heldt ein flammande appell til lærdølene i gamle Tønjum kyrkje, fortel lokalhistorikar Kåre Hovland.

– Bøyesen nemnde Sverige som «en troløs nabo», og England var «en søfiende». Det siste har sikkert med den engelske blokaden av Norge å gjere.

Bøyesen lovpriste kong Christian Fredrik og meinte lærdølene var klare til å forsvare «vor dyrebare Konge og et elsket Fædreland, at ofre vort Blod, som ikke kan flyde skjønnere, end naar det rinder for vort Lands første Velgjører.»

Hovland fortel at Bøyesen var ein typisk prest i opplysingstida rundt 1800.

– Han var kanskje vel så interessert i materielle ting som i gudsordet. Han var interessert i handel og næringsliv og ikkje minst moralske tilhøve. Han skreiv og ein topografisk beskrivelse av prestegjeldet, som i den tid omfatta Lærdal, Borgund og Årdal.

På bededagen 18. mars 1814 avslutta han appellen sin slik:

«Trøst dig da Gubbe! Qvinde, skjælv ikke! Ved vor ædle Regents, bag Eders kjekke Sønners Værge staaer Norge trygt. Vi haabe paa Gud! Han er vor Tilflugt. Amen.»

Tønjum kyrkje i Lærdal

TØNJUM KYRKJE: Appellen på bededagen 18. mars vart halden i gamle Tønjum kyrkje. Dagens kyrkje vart teken i bruk i 1832, etter at den gamle kyrkje bles ned.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser