Hopp til innhold

Kon-Tiki og produsent Aage Aaberge er nominerte til Oscar

Kon Tiki og produsent Aage Aaberge frå Sogndal vart i dag nominert til Oscar for beste framandspråkelege film.

Kon-Tiki nominert ilt Oscar

NOMINERT TIL OSCAR: Kon-Tiki og produsent Aage Aaberge er nominert til Oscar-prisen.

Foto: skjermdump/pressefoto

– Det går trill rundt for meg. Eg tykkjer det er heilt fantastisk. Eg har nesten ikkje ord, seier ein lukkeleg produsent Aage Aaberge til NRK.

Han legg ikkje skjul på at nominasjonen og utdelinga kjem i perfekt tid, med tanke på lanseringa i USA.

– Dette betyr enormt for filmen. Vi har premiere i USA to dagar før utdelinga, så det er optimalt at vi er nominerte med tanke på lanseringa i USA og i resten av verda, seier Aaberge.

– Korleis vil de jobbe for at filmen skal ha størst mogleg sjanse til å vinne i februar?

– Det er to ting vi må gjere. Vi må sørgje for at alle med stemmerett i akademiet får sett filmen, og så må vi skape mest mogleg merksemd rundt filmen slik at han vert synleg i den amerikanske marknaden, seier Aaberge.

Selt til meir enn 50 land

Kon-Tiki konkurrerte med åtte andre filmar om å bli nominert til den gjevaste utdelinga i filmindustrien, og sjølve Oscar-statuetten blir delt ut den 24. februar i Los Angeles.

Filmen om Thor Heyerdahl kom ut i 2012, og vart ein umiddelbar suksess på norske kinolerret. Filmen er sett av nesten 900 000 på norske kinoar, og er solgt til meir enn femti land. Det var den best besøkte kinofilmen i Norge i 2012.

Ein siger berre å vere nominert

Ein av regissørane bak filmen, Joachim Rønning, jublar over nominasjonen.

– Dette er heilt uverkeleg. Eg var sikker på at vi ikkje skulle få ein nominasjon, eg, seier Rønning til NRK.no.

– Kva trur du dette kan føre med seg for Kon-Tiki?

– For oss som regissørar er dette ei fantastisk anerkjenning. Men fantastisk også for filmen no som han skal ut i verda, seier Rønning.

Dei nominerte i klassen for beste utanlandske film er:

  • Kon-Tiki (Norge)
  • Amour (Austerrike)
  • No (Chile)
  • War Witch (Canada)
  • A Royal Affair (Danmark)