Hopp til innhold

Kommunereforma gjorde at Helle Frogner fekk lyst til å bli politikar

FØRDE (NRK): Dei politiske partia tykkjer det er lettare å få folk til å bli lokalpolitikarar i dei nye storkommunane. Senterpartiet meiner likevel at demokratiet er svekka.

Alfred Bjørlo og Helle Frogner

VART LOKKA AV STOR KOMMUNE: Helle Frogner er Venstre sin andrekandidat i nye Stad kommune. Ho meiner det er meir freistande å stille til val i ein stor kommune enn i ein liten.

Foto: Venstre

– For meg handla det om at det var kjekt å vere med på eit positivt prosjekt og å vere med på å skape noko nytt, seier Helle Frogner.

Ho har ingen politisk erfaring, men er no Venstre sin andrekandidat i den nye storkommunen Stad kommune. Det tyder at ho sannsynlegvis er kommunepolitikar frå neste haust.

Frogner har tidlegare vore vara til kommunestyret, men aldri fast kommunepolitikar. I byrjinga var ho skeptisk til kommunesamanslåinga, men prosessen og det at namnet på den nye kommunen blir Stad overtydde ho.

Ho seier at ho lenge har hatt sterke meiningar og vore engasjert i lokalsamfunnet, men at det ikkje har frista lika mykje å bli politikar i vesle Selje kommune.

– Partiet Venstre har jo slite med å stille ei skikkeleg liste her i Selje fleire gonger, og dessutan tykkjer eg at politikken i Selje har vore litt for prega av personlege relasjonar og alle kjempar for kvar si bygd. Eg trur at i ein større kommune blir det litt meir overordna, seier Frogner.

Og det er ikkje berre ho som tenkjer slikt. Fleire politiske parti i nye storkommunar seier at dei opplever at det er lettare å få folk til å stille til val enn det var tidlegare.

– Eg merkar heilt klart at det er eit heilt anna trykk enn det var tidlegare. Det er svært mange som vil bli ordførar i den nye kommunen, seier ordførar i Førde for Høgre Olve Grotle. Han er ordførarkandidat til nye Sunnfjord kommune neste år.

Olve Grotle og Julie Daling diskuterar byplanlegging i Førde kommune

POSITIVT: Olve Grotle meiner at den nye kommunen har lettare for å trekkje til seg politikarar enn dei mindre kommunane hadde tidlegare.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Inge Rolf Torstad, leiar i nominasjonsnemnda til Sogndal Senterparti er av same oppfatning som Grotle.

– Det har vore ganske mange som vil kjempe i toppen av lista, og det har nok generelt vore enklare å få folk til å stille opp enn tidlegare. Det var meir arbeid før, seier Torstad.

Sogndal kommune består frå 2020 av dagens kommunar Sogndal, Balestrand og Leikanger.

Også fleire andre nominasjonsleiarar i SV, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre stadfestar det same inntrykket.

Departementet ser same trenden

At lokalpolitikken skulle få høgare status var faktisk eit av argumenta som vart brukt av dei borgarlege partia som først byrja å kjempe for større kommunar.

I det høgrestyrte kommunaldepartementet er dei fornøgde med dei positive signala som kjem frå fleire politiske parti.

– Vi har også registrert at det er mange som har lyst å satse på kommunepolitikken i dei nye storkommunane. Eg trur det også har å gjere med at det har vore mykje fokus på kommunane og kva slags oppgåver dei kan løyse i framtida, seier statssekretær i kommunaldepartementet Aase Marthe Horrigmo.

– Dei små samfunna blir taparane

Men slettes ikkje alle deler trua på at lokalpolitikken blir betre i dei nye storkommunane. Stortingsrepresentant for Senterpartiet Heidi Greni meiner at framstillinga er heilt feilt.

Hennar inntrykk er at nominasjonslistene til dei politiske partia tvert om syner at det er småbygder og tidlegare småkommunar som kjem tapande ut av kommunesamanslåingane.

– Det skulle jo berre mangle at fleire vil stille til val i storkommunane, det er jo mange færre kommunestyrerepresentantar enn det har vore tidlegare, seier Greni.

Ho meiner uansett at entusiasmen ein no ser i store kommunar vil roe seg i framtida.

– Det har vore veldig mykje fokus på kommunane no, og det gjer kanskje at fleire er interesserte i å stille til val. Det vi har sett frå tidlegare samanslåingar er likevel at det ikkje varer.

Heidi Greni, Senterpartiet

KRITISK: Heidi Greni er kritisk til korleis småsamfunn og småkommunar kjem ut etter kommunereforma.

Foto: NRK