Hopp til innhold

Kommunelege fortvilar over SFT

Kommunelege Tommy Norman i Gulen reagerer på at Statens Forurensingstilsyn ikkje engasjerer seg tilstrekkeleg for å finne ut kva type gass som plagar innbyggjarane i Sløvåg.

Kommunelege Tommy Norman i Gulen
Foto: Steinar Lote / NRK

Den statelege instansen veit ikkje om gassen inneheld helseskadeleg stoff.

- Det er ikkje slik det skal vere. SFT har ikkje vore på bana i det heile, seier han.

Veit meir enn SFT

- No byrjar innbyggjarane å ville ha greie på ting, og då er det rart at vi andre snart veit meir enn SFT, seier Norman.

To veker etter gasseksplosjonen ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg, slit naboane med til dels omfattande helseplage. Selskapet hevdar sjølv at gassen ikkje er helseskadeleg. SFT veit ikkje kva type gass som gjev innbyggjarane oppkast, rennande auge og sår hals.

- Ikkje vår oppgåve

Bygdefolket har bede om at ein nøytral instans slår fast kva type gass lukta kjem frå og om gassen er helsefarleg. Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT, seier han ikkje veit om gassen er helseskadeleg. Det vil dei heller ikkje få vite før dei har lese rapporten frå Vest Tank. Bjørnstad seier vidare at det ikkje er SFT sitt ansvar å få klarlagt faregraden av denne gassen.

- Det er ikkje vår oppgåve utan vidare å finne ut kva den luktproblematikken betyr for innbyggjarane, seier han.