NRK Meny
Normal

Kommune brukte over 100.000 på éi klage mot lokalavis

Sogndal kommune leigde inn ekstern hjelp for over 100.000 kroner då dei klaga inn Sogn Avis til Pressens faglege utval (PFU). – Pinleg, seier avisredaktør.

Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad

KLAGA: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) og rådmann Jostein Aanestad bestemte at Sogndal kommune skulle leiga inn hjelp for å skriva ei klage til PFU. Resten av kommunestyret vart ikkje informert om saka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er meiningslaus bruk av offentlege ressursar. Totalt meiningslaust, seier redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

Det var Porten.no som først skreiv om pengane kommunen brukte på å klaga lokalavisa til Pressens faglege utval (PFU). PFU skal overvaka og fremja den etiske og faglege standarden i norsk presse.

Sogndal kommune er vertskommune for Sogn barnevern, eit interkommunalt samarbeid det verkeleg har storma rundt dei siste åra. Sogn Avis har dekka saka tett, og Sogndal kommune klaga inn avisa for brot på god presseskikk i to nyhendeartiklar og ein kommentarartikkel.

– Pinleg

Til å skriva klaga har Porten.no henta ut dokumentasjon på at Sogndal kommune har betalt minst 106.750 kroner til advokat Jon Wessel-Aas.

Han vart leigd inn av ordføraren og rådmannen i kommunen, utan at resten av kommunestyret vart informert om saka.

Jan Inge Fardal

KRITISK: Redaktør i Sogn Avis, Jan Inge Fardal, er kritisk til at Sogndal kommune leigde inn juridisk hjelp for å klaga inn avisa hans til PFU.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogn Avis vart i PFU felt for brot på Vær varsam-plakatens punkt 3.2 som omhandlar kontroll av opplysningar, for kommentaren med tittelen «Skyhøge avvik i ein nasjonal samanheng».

– Eg såg med ein gong eg fekk tilbakemelding på kommentaren at eg hadde samanlikna eple og pærer i den kommentaren. Men hadde kommunen tatt kontakt så hadde eg fiksa det med ein gong, seier Fardal.

– At kommunen brukte seks månadar og ein advokat for å forfatta ei klage syns eg er pinleg. PFU er lett tilgjengeleg og å skriva ei klage er enkelt, held han fram.

Sogndal kommune fekk knusande kritikk for måten dei handterte problema med arbeidsmiljøet i barnevernet, i ein rapport som vart lagt fram i fjor haust. 

Kritisk ekspert

Gunnar Bodahl-Johansen er ekspert på offentleglova og presseetikk, og er tidlegare leiar av Norsk Presseforbunds offentlegutval. Han liker dårleg at Sogndal kommune har leigd inn ekstern hjelp.

– Det syns eg absolutt ingenting om. Ei klage til PFU må kunne klagast inn utan at det skal kosta så mykje, seier han.

Gunnar Bodahl-Johansen

Gunnar Bodahl-Johansen

Foto: Institutt for Journalistikk

– Ein treng ikkje stor kompetanse for å klaga til pressens faglege utval fordi at ein får god rettleiing frå dei. Eg meiner at det treng ein ikkje betala store summar for. Det som kjem inn frå klagaren er oftast berre faktiske opplysningar, medan dei presseetiske vurderingane vert dei same uansett kven som har skrive den, legg Bodahl-Johansen til.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), skriv i ein e-post til NRK at dei no ser seg ferdig med saka.

– Sogn avis si dekning av Sogn barnevern hadde nokre oppslag der me stilte spørsmål ved det presseetiske. Som arbeidsgjevar har det vore viktig å få vurdert dei sakene i PFU, skriv han (sjå heile svaret i faktaboksen under).

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.