Hopp til innhold

Kommunar sparar store pengar på berre vegar

Ein snøfattig vinter gjer at kommunar på Vestlandet sparar mange hundre tusen kroner på brøyting.

Ein snøfattig vinter gjer at kommunar på Vestlandet sparar mange hundre tusen kroner på brøyting.

SPARAR PENGAR: Ein snøfattig vinter gjer at kommunar på Vestlandet sparar mange hundre tusen kroner på brøyting.

– På ein vanleg vinter ville vi hatt kostnadar på 750 000 kroner, men på ein vinter som i år vil det ligge på 450 000 kr. Det blir ei innsparing på 40 prosent, seier Arne Abrahamsen som er leiar for tekniske tenester i Balestrand.

Med berre vegar har behovet for brøyting vore mindre i vinter, noko som gir klingande mynt i kommunekassene.

– Vi vil spare ein del pengar på utgifter til sjølve brøytinga. Likevel må vi betale for å ha beredskap uansett om det er ein vinter med mykje eller lite snø, seier Per Ove Fossheim, leiar for teknisk etat i Gloppen kommune.

På riks- og fylkesvegane er det Statens vegvesen som har ansvaret for brøyting. Avdelingsdirektør for vegvesenet i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden, har ikkje like stor tru på at dei vil spare pengar.

– Den snøen som enno ikkje er komen kan hjelpe på budsjettet. På same tid vil det nok gå meir til salting og strøing, seier han.

Svenn Egil Finden

MEIR SALTING: Mindre snø betyr meir salting på vegane, seier avdelingsleiar for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Pengedryss til vegane

Den milde vinteren gjer at vedlikehaldet til vegane kan få eit pengedryss.

– Pengane spart på brøyting ligg uansett inne i budsjettet til vedlikehald av veg. Det gjer at vi kan bruke meir på vegane til sommaren eller på varig vedlikehald, seier Abrahamsen.

Det same blir gjort i Gloppen kommune.

– Vegbudsjettet er knapt, så alt vi kan bruke av pengar på vedlikehald og oppgradering er positivt, meiner Fossheim.

– Det har vore mykje mindre brøyting enn normalt.

Lite snø er kjærkome for Entreprenørservice AS som driv med brøyting i Førde. Der har dei fått merke berre vegar.

– Det har vore mykje mindre brøyting enn normalt. Vi ser ikkje heilsvart på lite snø, då er det vel heller motsett, seier Thomas Østerbø som er dagleg leiar for Entreprenørservice.

Entreprenørservice

HELLER REGN ENN SNØ: Hjå Entreprenørservice i Førde ser dei ikkje heilsvart på ein vinter med lite snø, heller omvendt, seier Thomas Østerbø.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Brøyteutstyret står klart, men no er det gravemaskiner som gjeld.

– For oss er det heilt topp at vi slepp å brøyte. Det har vore ein unormal vinter, så då får vi brukt tid på graving, seier Østerbø.