Hopp til innhold

Kommunar gjer seg til gjeldsslavar – tar opp store lån

Kommunane i Sogn og Fjordane hadde i fjor ei gjeld på 8,8 milliardar kroner. No tar dei opp meir lån.

Penger

KOMMUNAR I GJELD: Kommunane i Sogn og Fjordane blir større og større gjeldsslavar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det er klart ein kan miste nattesøvnen av mindre, seier rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter. Eid kommune ser lånegjelda vekse år for år framover. I år er gjelda på 617 millionar kroner, og fram til 2019 ventar ho at gjelda vil auke til 740 millionar kroner.

– Vi har svært mykje i lån.

Kostar å vere i gjeld

Trass i at renta er svært låg, kostar det framleis å ha lån.

– Viss vi ikkje får andre inntekter frå Staten så må vi ta ned drifta, for vi får ikkje dette til å gå i hop. Og det er vi gang med.

Åslaug Krogsæter

NÅDD LÅNETOPPEN: Åslaug Krogsæter i Eid seier vedtaka kommunen har gjort må vere grensa for kor mykje kommunen kan låne.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men for kommunen kostar det å ta ned drifta.

– Det smerter veldig for vi er det som vert definert som ein svært effektiv kommune. Vi vart kåra til den 13. mest effektive kommunen i landet og det betyr at vi får svært mykje ut av kvar krone. Det betyr at vi har ikkje så veldig mykje meir å gå på.

– Kva tid er toppen nådd for Eid sin del når det gjeld lån?

– Eg ville jo sagt at dei vedtaka som er gjort bør vere toppen. Det er ikkje mykje meir vi bør satse på dei nærmaste åra i alle fall, seier Krogsæter.

Mange i same båt

Men ho er ikkje åleine om å skulle trylle med lite pengar. I fleire andre kommunar tel ein også på kronene.

– Det blir ei kraftig auke i lånegjelda, seier AP-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune.

Ordførar Kristin Maurstad

AUKAR LÅNEGJELDA: Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy må auke lånegjelda i kommunen for å få bygt ny ungdomsskule.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I åra etter 2010 har kommunane i fylket auka gjelda med 1,5 milliardar kroner- til samla 8,8 milliardar ifølgje fylkesmannen.

– Vi har nokre prosjekt som vi har skubba på og som vi må ta no, blant anna investering i ny ungdomsskulen som vi få stor innverknad på den samla lånegjelda til Vågsøy kommune.

Ho er ikkje i tvil om at investeringa vil påverke handlekrafta til kommunen dei kommande åra.

– Det blir trongt. Absolutt. Vi blir tvinga til å bruke av fond, og ideelt sett skulle vi sett av til fond.

Må ta ned drifta

Vågsøy kommune vil auke lånegjelda frå 400 millionar i år til over 700 millionar i 2019.

– Vi har hatt nokre år no med store utbyggingsprosjekt og neste år har vi eit barnehageprosjekt i Bygstad som vi skal prøve å realisere. Og det er jo ei kostbar sak som vi må finansiere med låneopptak, seier rådmann Helge Følid i robek-kommunen Gaular.

Kommunen aukar lånegjelda, for å kunne investere kommande år.

– Nei, driftsbudsjettet vårt er blitt veldig stramt. Det er ikkje mogeleg å få inn nokon av desse investeringstiltaka på drifta, etter mi vurdering. Så vi er heilt avhengige av å låne til investeringstiltak, seier Følid.