Hopp til innhold

KOMMENTAR: Gjer Halvard eit nytt brakval?

Halvard Oppedal og Senterpartiet gjorde eit brakval i Gulen for fire år sidan. Han vil gjerne halde fram som ordførar.

Halvard Oppedal, ordførar i Gulen (Sp)
Foto: NRK

Vallogo

Valet for fire år sidan i Gulen vart ein stor siger for Senterpartiet og deira ordførarkandidat Halvard Oppedal og eit braknederlag for KrF og sitjande ordførar Trude Brosvik. KrF fekk meir enn halvert sin oppslutning frå 21,8 prosent i 2007 til 9,2 prosent i 2011. Sp vaks frå 28,8 til 41,3. Høgre og Arve Mjømen gjorde også eit godt val, og vi fekk det litt uvanlege samarbeidet mellom Sp og Høgre ved konstitueringa.

Halvard Oppedal stiller på igjen for sitt parti, men både Brosvik og Mjømen har takka nei. Ivar Eide er ny ordførarkandidat for Høgre og Ingolf Wergeland for KrF. Vidare stiller Odd Harald Eide på topp for Ap, som sist. Det same gjer Gjert Knarvik for Frp, mens Bjarte Undertun er Venstre sin nye toppkandidat.

For fire år sidan stod formidlingsbygg på 1000-årsstaden Flolid høgt på prioriteringslista for Gulen. Bygget skulle vere eit spleiselag der både stat, fylket og kommune skulle ta sin del av kostnadene. Målet var at det skulle stå ferdig til grunnlovsmarkeringa i 2014. Prosjektet er framleis uløyst, og fylkeskommunen sin dramatisk forverra økonomiske situasjon gjer at økonomien ikkje er på plass. I mellomtida har Gulen vedteke bygging av symjehall og fleirbrukshall – lokalisert til Dalsøyra. Lokaliseringa vart sterkt usemje om. Både Høgre og Frp ville legge anlegget til Sløvåg. Dette kan bli diskusjon i valkampen.

I diskusjonen om framtidig kommunestruktur, ser Gulen mest mot nabofylket i sør

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Gulen har fire 1–10 skular. I økonomisk tunge tider blir ofte samanslåing av skular eit tema. Rett nok har Gulen ein geografi som gjer at ein må lage desentraliserte tilbod, men diskusjonen om ein treng fire ungdomsskular ligg på lur.

I diskusjonen om framtidig kommunestruktur, ser Gulen mest mot nabofylket i sør. Gulen har alt i dag eit godt utvikla samarbeid med Austrheim og Masfjorden, og mange i den sørgelege delen av Gulen meiner det naturlege for Gulen er å orientere seg sørover. Dei som bur nord i kommunen kjenner nok sterkare band til Sogn og Fjordane. No er sju kommunar i Nordhordland i diskusjon om ei støre samanslåing, og Gulen har valt å vere med på den, sjølv om mange syns ein kommune som rekk heilt sør til Knarvik kan bli for stor – og Gulen blir ein utkant.