Sleit med å komme seg ut av kvelva lastebil

To personar er sende til Førde sentralsjukehus etter at ein lastebil kvelva ved Svarthumlevatnet i Flora søndag morgon.

Lastebil kvelva ved Svarthumle

KVELVA: Ein lastebil velta i morgontimane ved Svarthumle i Flora_

Foto: Politiet

Dei to som var i lastebilen sleit ei stund med å komme seg ut av førarhytta etter uhellet.

– Dei sat ikkje fastklemde, men kom seg ikkje ut av lastebilen. Dei er ute no, og er oppegåande, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Trafikkuhell på riksveg 5 ved Svarthumle

LEKKASJE: Politiet fekk melding om uhellet klokka 0737. Det blir no jobba på staden for å handtere diesellekkasjen.

Foto: Politiet

Uhellet skjedde på riksveg 5 mellom Førde og Florø. Begge dei to i lastebilen vart køyrde til sjukehus i Førde for sjekk. Det er ikkje mistanke om alvorleg personskade.

Bilen var ikkje lasta med farleg gods, men Samsonsen opplyser at det skal vere ein liten diesellekkasje frå tanken til lastebilen.

– Det var også så vidt røyk frå bilen, men no er brannvesenet der og har kontroll, seier Samsonsen.

Vaktleiar Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen seier at mellom 300 og 400 liter diesel skal ha runne ut i grunnen. Det går ei lita elv forbi ulukkesstaden, og brannvesenet plasserte lenser for å fange opp eventuell diesel før det når Svarthumlevatnet.

Vegen var ein periode heilt stengd på grunn av bilberging, men klokka 1148 vart den opna att for fri ferdsle.

– Politiet etterforskar hendinga for å få på det reine kvifor ulukka skjedde. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, opplyser politiførstebetjent Eivind Hellesund.

Mykje bråk i Hordaland

Vest politidistrikt har hatt ei hektisk natt, med mange rusa personar, slagsmål, kroppsskadar og ordensuro. To personar enda i drukkenskapsarresten, medan to vart sett i forvaring på grunn av ordensuro/truslar og kroppsskade. Men dette var i Bergen.

For i Sogn og Fjordane har det vore ei roleg natt. I Stryn har Oktoberfesten samla eit stort tal gjester, men også her har festdeltakarane visst å oppføre seg.

– Eg har inntrykk av at det har gått greitt føre seg. Det har vore nokre mindre forhold, men ikkje som er verd å nemne, seier Samsonsen.

Tenåring med promille

Eitt unntak er likevel tenåringen som like før klokka 03 vart stogga på ein stolen moped i Stryn. Føraren blåste raudt, og hadde heller ikkje lappen.

Politiet har sikra seg blodprøve av den unge karen.

– Han er mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand, han blir meld for å ha køyrt utan førarkort og har erkjent å ha stole sykkelen, seier Samsonsen.

Dette er eitt av tre tilfelle av køyring i ruspåverka tilstand i politidistriktet i natt. I Hordaland vart ein ungdom køyrd til sjukehus etter fall på ein moped. I tillegg blåste ein bilførar på Askøy raudt.

RIKSVEG 5: Uhellet skjedde på riksveg 5 mellom Førde og Florø.