– Det var ei front mot front ulukke og føraren av motorsyklisten er omkomen, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Det er oppretta kriseteam i Florø for å ta hand om føraren av lastebilen, og dei pårørande til den omkomne. Lastebilsjåføren skal ha komme fysisk uskadd frå ulykka.
– Motorsykkelen har komme i retning Førde, medan lastebilen har komme i motsett retning, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.
Tok fyr i det eine køyretøyet
Ulykka har skjedd om lag 1,2 kilometer inne i tunnelen, frå Svarthumle-sida. Det skal ha oppstått store materielle skadar i samanstøyten.
Det oppstod også ein brann i det eine køyretøyet i samband med ulykka, men denne vart sløkt relativt raskt.
Meldinga om ulukka kom like før klokka elleve, og alle naudetatane kom til staden.
– Vi har ikkje oversikt over korleis ulykka skjedde. Politiet vil etterforske saka og innhente opplysningar, seier Drange.
Har skjedd på Florø-sida av tunnelen
Klokka 14.30 ulukkesgruppa til Statens vegvesen kome til staden for å gjere sine undersøkingar. Tunnelen vil difor vere stengt ei god stund til, opplyser politiet.
Føraren av lastebilen skal ikkje ha blitt skada i ulukka.
Ulukka skal ha skjedd om lag 400 meter inn i tunnelen på Florø-sida.
– Tunnelen er mellombels stengt, opplyser Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.
Anbefalt omkøyring for personbilar er over Ramsdalsheia på gamle riksveg 5. Større køyretøy bør vente til Naustdaltunnelen opnar att.