Hopp til innhold

Ber store køyretøy vente til tunnelen opnar

Riksveg 5 gjennom Naustdalstunnelen kan bli stengd i fleire timar etter dødsulykka der ein MC-sjåfør omkom. Vegvesenet ber tunge køyretøy bli der dei er, og unngå omkøyringsvegane.

Ulykke Naustdalstunnelen

MÅ VENTE: Store køyretøy vert oppmoda om å vente, i stadenfor å nytte omkøyringsvegar, då desse ikkje er dimensjonerte for så store køyretøy.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Mindre køyretøy kan køyre Ramsdalsheia, eller fylkesveg 611 via Stavang, seier operatør ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Men han frårår store køyretøy å leggje ut på same vegen.

– Fylkesveg 611 er smal, og mange stadar er det rett og slett ikkje passasje for to store køyretøy. Skal dei til å rygge og styre der, så vert det fort kaos. Det er betre at dei tek det med ro, og blir der dei er til tunnelen opnar, seier Erikstad.

Han legg til at fylkesveg 611 også har høgdeavgrensing.

– Køyretøy høgare enn 3,90 kan ikkje køyre den vegen. Det aller smartaste er å vente, seier Erikstad.

Ulykkesgruppa skal granske åstaden

Ein motorsyklist omkom då han kolliderte med eit vogntog i Naustdalstunnelen loike før klokka elleve i føremiddag. Det oppstod også ein brann i samband med ulykka, men denne vart raskt sløkt.

Det er førebels ukjent kva retning dei to køyretøya kom køyrande i frå.

Kjell Magne Stubhaug frå Eikefjord brannvesen er på Florø-sida av Naustdalstunnelen og dirigerer trafikk. Han fortel at trafikken glir greitt etter forholda.

– Folk tek omkøyringa fint. Men det har vore ganske stor trafikk, seier Stubhaug.

Han fortel at mange av vogntoga har snudd og returnert anten til Florø eller Eikefjord, i staden for å bli ståande utanfor tunnelen å vente.

Usikre på når tunnelen vert opna att

– Trafikken over Ramsdalsheia går også fint. Det er litt slaghol i tunnelen, men tek ein det med ro, går det fint, seier Stubhaug.

Køyreturen over heia tek vel eit kvarter meir enn kva turen ville gjort gjennom Naustdalstunnelen.

Erikstad torer ikkje seie noko om når tunnelen vert opna att.

– Det er ikkje sagt noko om. Først må ulykkesgruppa få gjere sin jobb, og så skal det ryddast, seier Erikstad.

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er venta til staden klokka 14.30.