Hopp til innhold

Må kjempe for seriesølv

Førde VBK mangla fire viktige spelarar. Dermed tapte dei knepent for Nyborg.

Frank Kalstad, trenar, Førde Volleyballklubb

NEDERLAG: Førde-trenar Frank Roger Kalstad mangla viktige spelarar. Difor tapte dei mot Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Søndag ettermiddag spelte Førde Volleyballklubb mot serieleiar Nyborg. Men utan fire nøkkelspelarar vart sigeren for vanskeleg å hale i land.

Surt

– Vi tapte knepent 3 – 2 for Nyborg. Det var 15 – 13 i siste settet. Det var litt surt, seier trenar Frank Roger Kalstad på telefon på veg tilbake til Førde etter kampen.

Det vart andre tapet for Førde denne helga. Men det kom ikkje overraskande på trenaren som mangla fleire av sine viktigaste spelarar.

– Vi temmeleg nøgde med resultatet i dag med tanke på at vi mangla fire av våre faste spelarar denne helga. Det betyr at folk må spele på posisjonar dei ikkje er vande med.

Sjukdom og familieauke

Både Kristoffer V. Sundal, Lars Fredrik Tvinde, Mantas Belaglovis og Jonas Kvalen mangla på kampane i helga. Av ulike årsaker.

– Kristoffer Sundal ligg sjuk heime. Mantas ventar familieauke. Og dei to frå TVN måtte spele fyrstedivisjon. Så vi fekk dei ikkje fri.

– Syner dette at spelarstallen din er sårbar, eller var dette berre maks uflaks?

– Vi toler å ha ein, og to spelarar ute. Men når ein manglar fire viktige spelarar er det noko vi får merke godt.

Trenaren meiner likevel at dei hadde ein sjanse til å vinne kampen mot Nyborg.

– Ja, det er heilt klar! Vi hadde fleire gode moglegheiter der det er tilfeldig at poenget går til dei, og ikkje til oss.

Siste kamp for Eithun

Kalstad vil særskild trekkje fram Geir Eithun som ein nøkkelspelar denne kampen.

– Geir Eithun spelte ein fantastisk kamp i dag. Han hadde 32 poeng i kampen. Og det var den siste han spelte for oss i år.

– No reiser han ut for å starte oppkøyringa til sandvolleyballsesongen.

Geir Eithun

SISTE KAMP: Geir Eithun storspelte i sin siste kamp for Førde VBK denne sesongen. No blir det sandvolleyball framover.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Vegen mot sølv

Med to tapte kampar i helga, blir vegen mot seriesølv vanskelegare for laget. Kampane til neste helg kan bli avgjerande.

– Dei blir veldig viktige for oss. Spesielt dei to som vi skal spele i helga. Då står det om seriesølvet.

– Randaberg har vunne så mykje i det siste, at vi må vinne dei kampane. Sølvplassen er viktig for oss.

– Kor motiverte er spelarane dine for dette?

– Det trur eg dei er veldig motiverte for. Vi har hatt ein god sesong, og vil helst avslutte den på ein skikkeleg måte, seier Førde-trenar Frank Roger Kalstad.