Hopp til innhold

Gjøran er landets nestbeste junior-langrennsløpar

Førdeguten Gjøran Tefre (18) avslutta langrennssesongen med bravour under NM del to i Fauske i helga. Berre få poeng skilte han og vinnaren av noregscupen samanlagt.

Gjøran Tefre

JUBLANDE GLAD: Ei svært fornøgd Gjøran Tefre gjekk inn til førsteplass i norgescupfinalen i duatlon under NM del 2 i Fauske søndag.

Foto: Bjørn L. Olsen

– Det har vore ei ganske bra helg, seier Tefre til NRK.no.

Tefre tok bronse i NM i sprint klassisk laurdag. Søndag gjekk han noregscupfinalen i duatlon, og her gjekk han heilt til topps på pallen.

NM-bronsen laurdag var hans første individuelle NM-medalje, og den smakte godt.

Berre få poeng skilte

Berre få poeng skilte han frå å ta noregscupen samanlagt. Men Tefre deppar ikkje av den grunn.

– Eg ser på den andreplassen som veldig, veldig bra. Eg er den nest beste 18-åringen i Norge, og det er ganske bra, seier Tefre.

I fjor vart han nummer seks i noregscupen, så han kan notere seg for ein monaleg framgang i årets sesong.

Har fokusert på gode einskildløp

– Eg har ikkje hatt noko spesiell målsetjing når det gjeld cupsamandraget, for eg veit at viss ein brukar for mykje tid og krefter på å tenkje på det, så er det lett at ting ikkje går som planlagt, understrekar Tefre.

Han har i staden fokusert på å gå så mange gode einskildløp og prestasjonar som råd.

– Eg veit at dersom eg får til det, så pleier cupgreiene å bli ganske bra. Eg klarte nesten å gjere det godt nok på alle renn i år, seier Tefre.

Ein eventyrleg sesong

Han har hatt ein vanvittig god sesong, og det syner godt att på premiehylla.

Han står med to internasjonale medaljar frå nordisk meisterskap i Estland, gull med Sogn og Fjordane sitt stafettlag i junior-NM, individuell NM-bronse og eit par noregscupsigrar, i tillegg til andreplassen i noregscupen samanlagt.

– Alt i alt har det vore heilt fantastisk, seier Tefre.

Han har to år til som junior, og håpar å stabilisere seg på eit jamt høgt nivå, slik at ein eventuell overgang til senior skal gå lettast mogleg.

Jobbar målretta

For tida går han på skilinja på toppidrettsgymnaset på Geilo, for å få satse fullt ut på idretten sin.

Overgangen til senior, tek han som det kjem.

– Eg planlegg litt fram i tid, men konkrete mål er eg forsiktig med. Eg skal jobbe målretta og fokusert med det eg veit eg må jobbe med for å bli ein endå betre skiløpar. Eg har tru på at eg skal klare å ta overgangen til senior ganske bra viss eg er frisk og slepp skadar, seier Tefre.